Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Foto: Statsforvaltren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 17.02.2021

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal fremme natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere ureining frå jordbruket.

Tilskot kan gis til tiltak som går utover det som kan forventast som ein del av den vanlege jordbruksdrifta, og prioriterast ut frå lokale tiltaksstrategiar i kommunane. Les meir om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Statsforvaltaren skal:

  • Fordele middel til kommunane ut frå ei fylkesramme.
  • Følge med på forbruket av middel i kommunane og omfordele unytta midlar mellom kommunane.
  • Rettleie kommunane om regelverket for tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, om krava til sakshandsaming som følger av forvaltningslova og om bruk av fagsystemet Agros.
  • Behandle klagar på vedtak fatta av kommunane.
  • Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk i fylket.

Forvaltning av ordninga

Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsette lokale retningsliner innanfor regelverket til ordninga. Dei lokale retningslinene skal beskrive lokale miljømessige behov og utfordringar og fastsette prioritering av tiltak. Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om ordninga.

 


Publisert 29.01.2021

Fordeling av kommunale rammer til Spesielle miljøtiltak i jordbruket 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 7 620 000,- til kommunane til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).