Fordeling av kommunale rammer til Spesielle miljøtiltak i jordbruket 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 7 620 000,- til kommunane til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2021

Av ei samla løyving på 132 millionar kroner over jordbruksavtalen til SMIL-ordninga i 2021, har Møre og Romsdal fått tildelt 6,5 millionar kroner. Ubrukte midlar frå 2020 vert lagt til dette beløpet. 

Statsforvaltaren har fordelt midlane til kommunane ut frå følgjande kriterium; tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedommar og tal på jordbruksareal i drift, i  tillegg til innmeldt behov frå kommunane og aktivitetsnivå for ordninga dei to siste åra.

Det kan innvilgast SMIL-tilskot til gjennomføring av tiltak som:

  • reduserer tap eller risiko for tap av næringsstoff, partiklar og andre forureinande utslepp til jord, avrenning til vatn eller utslepp til luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel.
  • tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet.
  • omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskaplege miljøprosjekt i jordbruket.

Ta kontakt med din kommune

Det er kommunen som mottar- og behandlar søknader og fattar vedtak om SMIL-tilskot. Kommunane har lokale søknadsfristar og eigne retningsliner som beskriv miljøutfordringar og prioritering av tiltak. For meir informasjon om prioriteringar, satsar med meir i din kommune, sjå kommunens retningsliner for tilskotet og kommunens utlysing.