Produksjonstilskot i jordbruket

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal .

Formålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning. Tilskotet blir utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal. 

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:

  • Tilskot for husdyr
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Tilskot for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk landbruk

Desse pristilskotsordningane blir handterte på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden: 

  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker og salat på friland
  • Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Norge

Denne velferdsordninga blir handtert på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjennomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. For sau (født i fjor eller tidlegare) og ammegeit er det tal dyr som føretaket disponerer 1. mars, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget.

Snakk med din kommune, som behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.02.2014

No kjem produksjonstilskotet du søkte på i august 2013

Innan fredag 7. februar vil produksjonstilskotet for søknadsomgangen august 2013 vere på konto til dei fleste bøndene over heile landet, 2717 av dei er i vårt fylke. Søkjarane vil få melding om utbetalinga i veke 6 og 7. Formålet med produksjonstilskotet er «å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp». Produksjonstilskotet er eit samlebegrep for fleire tilskotsordningar til husdyr, skjøtsel av kulturlandskap og til dyrking av ulike vekster, som grovfôr, korn, osv.