Produksjonstilskot i jordbruket

Formålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning. Tilskotet blir utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal.
Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:
- Tilskot for husdyr
- Driftstilskot til mjølkeproduksjon
- Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
- Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
- Tilskot for dyr på beite
- Areal- og kulturlandskapstilskot
- Tilskot til økologisk landbruk
Desse pristilskotsordningane blir handterte på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden:
- Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker og salat på friland
- Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Norge
Denne velferdsordninga blir handtert på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden:
- Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjennomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. For sau (født i fjor eller tidlegare) og ammegeit er det tal dyr som føretaket disponerer 1. mars, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget.
Snakk med din kommune, som behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot.
Produksjonstilskotet blir utbetalt
Det er tilskot etter søknader frå august 2016 som blir utbetalt til om lag 40.000 jordbruksføretak over heile landet innan fredag 3. februar 2017.
Publisert 29.12.2016
Søk produksjonstilskot og avløysartilskot frå 1. januar 2017
1. januar 2017 blir det opna for å sende inn søknad om produksjons- og avløysartilskot. Registreringsdatoen er 1. januar og søknadsfristen 20. januar 2017.
Publisert 08.09.2016
Nytt system for produksjonstilskot i 2017
I mai 2017 skjer det endringar i korleis føretaka søkjer produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Det blir heilt nytt system, nye fristar, nye teljedatoar, nye rutinar, m.m. Føl med!
Publisert 29.07.2016
No er det tid for å søkje produksjonstilskot
31.07.2016 blir det opna for å søkje produksjonstilskot. Det er ein fordel om du søkjer via internett. Informasjon om korleis kan du finne her. Frist er 20. 08.2016.
Publisert 02.06.2016
Produksjonstilskot utbetalt
Produksjonstilskot til alle bønder som søkte om dette i januar 2016 er utbetalt 03.06. Hent tilskotsbrevet i altinn.no, og sjekk om utbetalinga er riktig.
Publisert 31.05.2016
Produksjonstilskot – ny søknadsomgang i august
Vi er inne i ei travel årstid, der grunnlaget for kommande haust og vinter blir lagt. Midt i denne perioden er det ny søknadsomgang for produksjonstilskot. I augustomgangen er det dyretal, dyr på beite, areal og planteproduksjon som er søknadsgrunnlag.
Publisert 10.02.2016
Produksjonstilskot utbetalt
Fredag 5. februar vart produksjonstilskot utbetalt til føretak som søkte per 20. august 2015.
Publisert 13.07.2014
Høyring - ny forskrift om produksjonstilskot
Landbruks- og Matdepartementet har den 9, juli 2014 sendt ut ny forskrift om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie til høyring. Målet er eit enklare regelverk uten at formålet med tilskotsordningane blir endra. Høringsfristen er mandag 20. oktober 2014.
Publisert 13.07.2014
Ny søknadsrunde produksjonstilskot august 2014
Søknadsmateriellet til kommande søknadsomgang for produksjonstilskot er ferdig produsert og under utsending. Du kan laste ned det du treng frå Landbruksdirektoratet, og lenkene finn du her. Frå 31. juli kan du levere søknaden.
Publisert 03.06.2014
Produksjonstilskot blir utbetalt
Onsdag 4. juni blir produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid betalt ut til alle som søkte om dette innan 20. januar 2014. 2281 av desse er i fylket vårt. Søkjarane vil normalt få pengane på konto innan fredag 6. juni.
Kontaktpersonar
Søknadsfristar
Søknadsomgangen har to innleveringar.
Fristane er:
- Del 1: 15. mars
- Del 2: 15. oktober
Fristane er absolutte.