Statsforvaltaren behandlar søknadar om tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar.
Tilskota skal bidra til å førebygge skadar på husdyr og tamrein påført av rovvilt. Ordninga skal også bidra til å dempe konfliktar og redusere ulemper i lokalsamfunn.
Rovviltregion 6
Møre og Romsdal er i rovviltregion 6, i lag med Trøndelag. Den regionale rovviltnemnda i regionen har ansvar for oppfølging av den todelte målsettinga som seier at bestandane av rovvilt skal vere på det nivå som Stortinget har fastsett, og ein skal kunne drive utmarksbasert matproduksjon ved beitedyr. Nemndene lager forvaltningsplan for rovvilt for sin region der dei vedtar forvaltningsområde for rovvilt i regionen, geografisk fordeling av rovviltbestanden, prioriterte beiteområde, og setter retningsliner for bruk av tilskotsmiddel.
Statsforvaltaren behandlar enkeltsøknader om førebyggande og konfliktdempande tiltak på regionalt nivå. Rovviltnemnda fordeler midla mellom fylka, og prioriterer kor stor del av midla som skal øyremerkast for lokal kunnskapsinnhenting og konfliktdempande tiltak, og kor stor del ein skal bruke på førebyggande tiltak.
Førebyggje skadar og dempe konfliktar
Tilskotsordninga skal hovudsakleg bli brukt til tiltak som kan førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift. Vidare skal midlane bli brukt til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn.
Målgruppa er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar
For konfliktdempande tiltak kan også lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar søke om tilskot.
Seks ulike tilskot og skjema
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. februar for nasjonale tiltak, og innan 1. februar til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for regionale tiltak. Kvar av tilskotsordningane har eige skjema for utfylling i Elektronisk søknadssenter.
Føretak med produksjonsdyr i landbruket kan søke om midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar. Dette er tiltak ein kan forvente har direkte tapsreduserande effekt, eller der ein kan oppnå slik effekt ved kombinasjon av tiltak. I søknadsportalen har du moglegheit for å krysse av for ulike direkte tapsreduserande tiltak som er fordelt inn under tre typar:
- Tiltak som fysisk skil rovdyr og beitedyr.
- Utvida tilsynsaktivitet: Planlagt utvida tilsyn i kombinasjon med andre tiltak, eller som en nødvendig del av førebyggande tiltak som fysisk skil rovdyr og beitedyr.
- Andre tiltak som kan være direkte tapsreduserande: Andre tiltak som ikkje er nemnt under 1 og 2. Forutsetninga er at ein kan vete at har ein direkte tapsreduserande effekt.
Eksempel på tiltak for sau kan vere tidleg nedsanking, flytting til eit område som har mindre rovdyr, oppsetting av rovdyravvisande gjerde og opprette beredskapsareal.
For å få planlagt tilskot etter §§ 5, 6 og 7 punkt 4 i forskrifta bør beiteområdet kunne vise til påviste skader frå rovvilt og potensiale for tap av et visst omfang.
Målgruppa for førebyggande tiltak er føretak med produksjonsdyr i landbruket; bufe og tamrein. Som produksjonsdyr i landbruket reknar ein i denne forskrift bufe og tamrein. Bufe er definert som sau, geit, storfe og hest. Ein kan også gi tilskot til tiltak som er direkte tapsreduserande for produksjonsdyr i landbruket som bifolk/bikubar, gris, fjørfe og hjortevilt.
Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.
Målgruppa for konfliktdempande tiltak er føretak med produksjonsdyr i landbruket, kommunar og lokalsamfunn. Lokale, regionale og landsdekkande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også motta tilskot. Privatpersonar kan søke om tilskot til konfliktdempande tiltak.
Dersom du har behov for å søke om tilskot til akutte førebyggande tiltak, skal dette vere avtalt med Statsforvaltaren på førehand. Tilskot til akutte førebyggande tiltak er for spesielle situasjonar der det er stor fare for tap til rovdyr, og er til tiltak som ein kan forvente har direkte tapsreduserande effekt, eller der ein kan oppnå slik effekt ved kombinasjon av tiltak. Kriteria for å tildele tilskot er at det må være dokumentert eit visst skadeomfang frå freda rovvilt, potensialet for framtidig og vedvarande skade må være til stade, samt at skadesituasjonen må vere akutt og pågåande.
Målgruppa for akutte tiltak er føretak med produksjonsdyr i landbruket; bufe og tamrein. Som produksjonsdyr i landbruket reknar ein i denne forskrift bufe og tamrein. Bufe er definert som sau, geit, storfe og hest. Ein kan også gi tilskot til tiltak som er direkte tapsreduserande for produksjonsdyr i landbruket som bifolk/bikubar, gris, fjørfe og hjortevilt.
Innan denne ordninga kan ein prioritere utvikling av praksis og erfaring som seinare kan danne grunnlag for iverksetting av nye tiltak. Tiltak for å auke kunnskapsgrunnlaget bidrar ikkje direkte til å førebygge tap eller dempe konfliktar, men kan indirekte føre til meir målretta og effektive førebyggande tiltak, samt auke aksepten for å leve med rovdyr.
Ulike tiltak kan vere:
- Utprøving av nye førebyggande tiltak mot rovviltskadar, samt evaluering av effekt av igangsette tiltak
- Tiltak som avklarar tapsforhold, her under elektronisk overvaking
- Forskings- og utreiingsoppgåver som bidrar til utvikling og iverksetting av effektive førebyggande tiltak
- Nasjonale tiltak som aukar kunnskapsgrunnlaget som kommer den todelte målsettinga til gode (Søk rett til Miljødirektoratet om nasjonale tiltak)
Målgruppa for tiltak som gir auka kunnskapsgrunnlag er føretak med produksjonsdyr i landbruket, kommunar og lokalsamfunn. Lokale, regionale og landsdekkande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også motta tilskot.
Søknad om tiltak som er kobla til uttak av rovvilt, enten direkte gjennom skadefelling eller indirekte gjennom støtte til jegerar eller skadefellingslag, som skal bidrar til meir effektiv jakt, felling og fangst.
Ein kan søke om tilskot til relevante kurs og samlingar for jegerar som er deltakarar i kvotejakt, lisensfelling og skadefelling på rovvilt. Ein kan også søke om midlar til innkjøp av lovleg utstyr og andre utgifter som kan bidra til meir effektiv felling.
Kommunar kan søke om tilskot til tilrettelegging for framtidige skadefellingsoppdrag i regi av kommunen. Som tilrettelegging reknar ein kursverksemd, tekniske hjelpemidlar, kommunikasjonsutstyr, og annet materiell eller aktivitet som gir grunnlag for auka effektivitet i framtidige skadefellingsoppdrag. Kommunar kan i tillegg søke om tilskot til organisering og førebuing av kommunale/interkommunale skadefellingslag.
Det er berre kommunar som kan søke om tilskot for tilrettelegging for framtidige skadefellingsoppdrag i regi av kommunen.
Kommunar kan søke om refusjon av utgifter i forbindelse med skadefellingsforsøk på rovvilt som er vedtatt av Statsforvalteren, og der forsøk på skadefelling er utført av kommunalt/interkommunalt oppnemnt fellingslag. Godtgjeringa følger av §§ 9, og 9 a i forskrift om forvaltning av rovvilt, og utgifter vil bli refundert innanfor dei økonomiske rammer som er gitt i det enkelte vedtak.
Deltakarar som mottar godtgjering etter ordninga må vere registrerte lisensjegerar. Fil med liste over deltakarane samt tal dagsverk kan ein laste opp.