Tidleg sanking av sau i Møre og Romsdal kan redusere tap

For å unngå liding og tap av lam til jerven har sauehaldarane i Møre og Romsdal henta heim sauer og lam ekstra tidleg frå høgfjellsbeite i år. I det første beiteområdet starta dei sanking allereie 6. august. Det er av dei tidlegaste datoar for berging av sauen frå jerven i fjellet og skogen. Vanlegvis sankar ein sau her først i starten av september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2019

Tidlegsanking berger sauer og lam

Godt over 5.000 sauer og lam er sanka ned frå høgfjella i Møre og Romsdal før vanleg sanketidspunkt i år, av den grunn åleine å berge dei frå å bli eten av jerv. Dette fører til store ekstrakostnadar for bonden, med leige av areal, kjøp av ekstra fôr og kanskje slakting før lamma er slaktemodne. Likevel gjer bøndene her dette tiltaket frivillig av dyrevelferdshensyn. Det står det stor respekt av. Dei får litt tilskot til tiltaket, men det dekkjer ikkje kostnadane dei har.

Utmarksbeite er verdifull ressurs

Det tradisjonelle husdyrhaldet på Nordvestlandet er basert på beitedyr som nytter dei gode høgfjellsbeita om sommaren. Nede i bygdene, mellom fjord og fjell, er det lite areal. Dette arealet kan ikkje nyttast til beite sommarstid, men må haustast til vinterfôr. Difor er utmarksbeite ein verdifull ressurs i Møre og Romsdal.

Jerv – eit stort problem i gode fjellbeite

Dei indre høgfjellsøkosystema mot grensa til Oppland er svært gode beiteområde for husdyr, samtidig som det er gode leveområde for jerv. Om lag 45.000 sauer og lam vert sleppte på utmarksbeite i desse fjellområda. I dei seinare åra har det vore aukande tap av beitedyr til jerv her. Tal over erstatning gjeve for husdyr drepe av rovvilt, syner at jerven er skadevoldar i 90% av tilfella i Møre og Romsdal, og i landet står jerven for om lag 40% av tapa av beitedyr. Over halvparten av beitebrukarane i fylket har lammetap på over 5% ifølgje organisert beitebruk, og kvar åttande beitebrukar har over 15% lammetap. Det er høge tap, og gjer det vanskeleg å ha eit driftsopplegg med produksjon av gode lammeslakt og godt avlsarbeid.

Jerv ved Øvstestølen i Langdal, Norddal kommune, ein stor skadevaldar i saueflokkar på fjellbeite. Foto: Vegard Lødøen

Jerv ved Øvstestølen i Langdal, Norddal kommune, ein stor skadevaldar i saueflokkar på fjellbeite. Foto: Vegard Lødøen

Motstridande målsettingar gjev komplikasjonar

Den to-delte målsetjinga i rovviltforvaltninga seier at vi skal ha levedyktige bestandar av rovvilt, samtidig som vi skal ha matproduksjon basert på garden sine ressursar og beiting i utmark. Dette er ikkje lett å få til. Rovviltnemndene har teikna ei forvaltningssone for jerv, der høgfjellsområda i Møre og Romsdal og i Oppland er med. I Møre og Romsdal er det mål om å ha 3 ynglingar av jerv, og i Oppland er det mål om å ha 4 ynglingar av jerv. I 2019 er det så langt registrert 7 jerveynglingar i Møre og Romsdal og 8 i Oppland. Det seier seg sjølv at konfliktnivået blir høgt, og at vi må sette inn tiltak. Saueeigarane har prøvd ut kvart eit tenkeleg og utenkeleg tiltak for å førebygge skade, men det monnar ikkje mot jerven. Det einaste tiltaket som hjelper i konflikta mellom jerv og beitedyr, er fysisk å skilje dei i tid og rom. I forvaltningsområda mellom Møre og Romsdal og Oppland er det difor beitedyra som må hentast heim, for å unngå vidare tap av dyr til jerv.

Samla forvaltning av den sør-norske jervestammen

Rovviltforvaltninga strevar med å få til ei god forvaltning av jerv og ei god handtering av konflikten mellom beitedyr og jerv i fjellområda. Dei administrative grensene går tvers gjennom høgfjella, og skaper store utfordringar. Om heile den sør-norske jervestammen kunne bli forvalta under eitt i same region, kunne vi fått til ei betre forvaltning. Dette har Fylkesmannen i Møre og Romsdal spelt inn til høyringa av endringar i rovviltforvaltninga no i haust.

Saueeigarane som har dyr i forvaltningssona for jerv i Møre og Romsdal, gjer ein stor jobb med å tidlegsanke beitedyra, for å unngå liding og tap av beitedyr. Dei tapar pengar, sidan det då går med av slåttemarka til beite. Likevel vel dei å gjere dette tiltaket, sidan dei også har respekt for natur og rovvilt.

Kontaktpersonar