Forventningsbrev
Oppdatert 09.02.2021
Statsforvaltaren vil kvart år sende ut eit forventningsbrev til kommunane der vi informerer om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter. Vi ønsker med dette å bidra til at Statsforvaltaren og kommunane er best mogleg samordna omkring nasjonale føringar og oppdrag.
Forventningsbrevet erstattar ikkje statens fortløpande styringskommunikasjon med kommunane, men er eit bidrag til å ha fortløpande strategisk oversikt over forventningane frå Statsforvaltaren og nasjonale myndigheiter. Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har m.a. ansvar for å følge opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa.