Forventningsbrev 2020

Fylkesmannen sendte i dag ut forventningsbrev til kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2020

På Nyttårskonferansen i januar vart det informert om at Fylkesmannen også i år vil presentere viktige styringssignal og oppdrag frå nasjonale myndigheiter ved å sende ut eit forventningsbrev til kommunane for 2020.

Målet med forventningsbrevet er å informere om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter. Vi ønsker med dette å bidra til at Fylkesmannen og  kommunane er best mogleg samordna omkring nasjonale føringar og oppdrag.

Dette erstattar ikkje statens fortløpande styringskommunikasjon med kommunane, men er eit bidrag til å ha fortløpande oversikt over forventningane frå nasjonale myndigheiter. Fylkesmannen er statens representant i fylket og har m.a. ansvar for å følge opp dei vedtak, mål og retningsliner som kjem frå Stortinget og regjeringa.

Fylkesmannen har ei sentral rolle som samordningsorgan for staten på regionalt nivå, er sektormyndigheit på vegne av fleire departement, og utøver forvaltningsoppgåver for fagdepartementa. Kontroll og tilsyn er ei av hovudoppgåvene til Fylkesmannen, vi er rettstryggleiksinstans for innbyggarane, og er tildelt ei særleg rolle som samordningsmyndigheit overfor kommunane.

Det er ut i frå Fylkesmannen si rolle som samordningsmyndigheit at vi har eit særleg ansvar med å formidle nasjonale forventningar til kommunane.
Forventningsbrevet er ikkje uttømmande. Vi viser også til meir informasjon på våre heimesider.