Forventningsbrev

Oppdatert 09.02.2021

Statsforvaltaren vil kvart år sende ut eit forventningsbrev til kommunane der vi informerer om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter. Vi ønsker med dette å bidra til at Statsforvaltaren og kommunane er best mogleg samordna omkring nasjonale føringar og oppdrag.

Forventningsbrevet erstattar ikkje statens fortløpande styringskommunikasjon med kommunane, men er eit bidrag til å ha fortløpande strategisk oversikt over forventningane frå Statsforvaltaren og nasjonale myndigheiter. Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har m.a. ansvar for å følge opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.