Skilsmisse etter samlivsbrot

Oppdatert 22.01.2024

Ønskjer du å søkje om skilsmisse utan å ha vore separert først? Då må du og ektefellen din ha budd frå kvarandre i minst to år og vere samde om at dette er eit samlivsbrot.

Du og ektefellen din kan også søkje om skilsmisse i fellesskap. 

Merk deg dette 

For at vi skal kunne behandle av søknaden så raskt som mogleg må du skanne og laste opp nødvendige vedlegg når du er inne i det digitale søknadsskjemaet. 

Har de felles barn under 16 år, må du/de leggje ved meklingsattest. Les meir om mekling 

Er ekteskapet inngått i utlandet, må du/de leggje ved vigselattest. Dette gjeld ikkje dersom de vart gifte ved ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje. 

To vitne må signere ei vitneerklæring der dei stadfestar at de har levd frå kvarandre i minst to år frå de flytta frå kvarandre.  

Du får tilgang til erklæringa ved å trykkje på knappen til høgre. 

Søknadsskjema 

Bruk knappen til høgre «Søk om skilsmisse etter samlivsbrot» for å starte det digitale skjemaet.  

Du kan ikkje søkje elektronisk dersom ektefellen din ikkje har norsk fødselsnummer. 

Får du ikkje tilgang til det elektroniske søknadsskjemaet eller heller vil bruke papirskjema, finn du det her: papirskjema 

Vis meir

Du/de kan krevje skilsmisse dersom de har budd frå kvarandre i minst to år. For at Statsforvaltaren skal kunne behandle søknaden er det eit krav at de er samde i at de har budd frå kvarandre i denne perioden, og at dette har vore eit samlivsbrot. Søkjer du åleine, vil Statsforvaltaren be om ei skriftleg stadfesting frå ektefellen din på at de har budd frå kvarandre i minst to år.