Separasjon og skilsmisse

Oppdatert 22.03.2022

Ektefeller som ønskjer å gå frå kvarandre, kan søkje digitalt om separasjon og skilsmisse. Statsforvaltaren behandlar søknaden.

Ønskjer du å skiljast, må du først søkje om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. 

Du kan velje å sende inn søknaden digitalt, eller fylle ut eit papirskjema. Digital søknad hentar automatisk nødvendige opplysningar, og gjer det raskare å fylle ut søknaden. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.