Eksamensbesvaringar med grunngjeving av karakter

Utdanningsdirektoratet - Logo 

Utdanningsdirektoratet har no lagt ut eksamensbesvaringar med grunngjeving av karakterar på sine nettsider.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2015

For kvart av faga har UDIR valt ut fleire besvaringar med ulike karakterar. For kvar av desse finn ein ei grunngjeving for karakteren som vart gitt. Karakterane er sett ut i frå fagets kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt eksamen. Eksamensbesvaringane kan nyttast til å tydeleggjere for elevane og/eller faglærarane kva krav det er til kompetanse i høve dei ulike karakterane til eksamen på 10. trinn. Dei kan også nyttast i undervegsvurderinga og av sensorane som referanse ved sensuren. Link til eksamensbesvaringane finn de i høgre marg.