Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Sist endra 17.01.2024

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Kompetanse Norge.

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 


Publisert 14.02.2024

Eksamensmøte 2024 - Lysark frå møtet

Statsforvaltaren gjennomførte digitalt møte om eksamen og vurdering tysdag 13. februar. Det var god oppslutning om møtet.


Publisert 14.02.2024

Udir foreslår tiltak for å sikre ei god gjennomføring av eksamen

Den raske utviklinga av kunstig intelligens skaper nye utfordringar for å gjennomføre eksamen i skolen. Udir foreslår fleire konkrete tiltak for våreksamen 2024, og større endringar i eksamensordninga for dei neste åra.


Publisert 17.01.2024

Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen våren 2024

Her finn du informasjon om å gjere elevane kjent med eksamen, frist for påmelding av kandidatar og forslag til fagpersonar som sensor, samt komande møte om eksamen.


Publisert 17.01.2024

Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2023 - Oppmannsrapportar

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2023 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Møre og Romsdal.


Publisert 16.06.2023

Om klage på standpunktkarakterar i grunnskolen 2023

I denne rettleiinga vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klargjere kva som er forventa av alle involverte partar i handsaminga av klage på standpunktkarakter. Vi håper dette vil tydeleggjere kva oversendinga frå skolane skal innehalde, slik at vi får ei god og effektiv sakshandsaming.


Publisert 09.02.2023

Eksamensmøte 2023 - Lysark frå møtet

Statsforvaltaren gjennomførte digitalt møte om eksamen og vurdering onsdag 8. februar. Det var god oppslutning om møtet.


Publisert 31.01.2023

Elevundersøkinga 2022

Resultata frå Elevundersøkinga hausten 2022 vart publisert 20. januar. Etter dette har mange skolar og skoleeigarar tatt kontakt om at dei har tilgang til færre resultat i år enn tidlegare.


Publisert 16.01.2023

Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2023

Her finn du informasjon om å gjere elevane kjent med eksamen, påmelding av kandidatar, forslag til fagpersonar som sensor og komande møter om eksamen.


Publisert 08.12.2022

Materiell frå eksamenssamlinga i grunnskolen

Statsforvaltaren, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, arrangerte 03.11.22 ei digital samling om eksamen etter LK20. Presentasjonane frå samlinga ligg no tilgjengeleg på vår nettside.


Publisert 23.09.2022

Satsing på sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2022-23

Etter fleire år med avlyst eksamen, og samstundes innføring av LK20 og nye eksamenar, ønskjer Utdanningsdirektoratet skoleåret 2022-23 å sikre ei felles forståing av endringane i sentralt gitt eksamen.


Klage på standpunktkarakter

Aktuelt skoleåret 2023/2024

13. februar 2024:
Eksamensmøte for skoleeigarar og skoleleiarar

31.05.2024:
Sensorskolering grunnskolen, Molde

18.06.2024:
Fellessensur grunnskolen, Molde