Om klage på standpunktkarakterar i grunnskolen 2023

Gutt som sitter ved en pult på skolen og leser
Skolen skal informere elevane og foreldra om retten til å klage på karakterar som er ført på vitnemålet, klagefrist og kva klagen skal innehalde. Foto: Scanstockphoto.

I denne rettleiinga vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klargjere kva som er forventa av alle involverte partar i handsaminga av klage på standpunktkarakter. Vi håper dette vil tydeleggjere kva oversendinga frå skolane skal innehalde, slik at vi får ei god og effektiv sakshandsaming.

Publisert 16.06.2023


Ein standpunktkarakter skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avsluttinga av opplæringa. Standpunktkarakterane utgjer den største delen av karakterane på vitnemålet og er difor viktige for inntak til vidaregåande opplæring, høgare utdanning og arbeidsliv. Standpunktkarakteren bør settast så nært opp til avsluttinga av faget som mogleg.

Regelverket knytt til standpunktvurdering går fram av forskrift til opplæringslova kapittel 3 og forskrift til friskolelova kapittel 3 og rundskriv om individuell vurdering UDIR-2-2020.
For å få ei fullstendig oversikt over regelverket, sjå Utdanningsdirektoratet sine sider.


Standpunktvurdering - Hovudpunkt


På Utdanningsdirektoratet si nettside om Standpunktvurdering går følgande hovudpunkt fram om grunnlaget for fastsetting av standpunktkarakter:

  • Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avsluttinga av opplæringa.
  • Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Når det gjeld Kunnskapsløftet 2020 skal kompetansemåla forståast i lys av teksten "Om faget" i læreplanen.
  • Eleven skal få høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. 
  • Kompetanse som eleven har vist undervegs i opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsettast.
  • Eleven skal vite kva som blir lagt vekt på i fastsettinga av standpunktkarakteren.
  • Føresetnader, fråvær, orden og åtferd skal ikkje inngå i vurderinga i fag. Innsats skal berre vere ein del av vurderinga i fag der dette spesifikt går fram av læreplan i faget.

 

Om klage på standpunktkarakter


Ein standpunktkarakter er eit enkeltvedtak som kan klagast på[1]. Skolen skal informere elevane og foreldra om retten til å klage på karakterar som er ført på vitnemålet, klagefrist og kva klagen skal innehalde.

Regelverket for klager på standpunktkarakterar i fag og i orden og åtferd finn ein i forskrift til opplæringslova kapittel 5 – Klage på vurdering og forskrift til friskolelova kapittel 5 – Klage på vurdering av elevar.

Klageretten gjeld også om eleven ikkje har fått standpunktkarakter i eitt eller fleire fag. I slike tilfelle skal eleven ha fått skriftleg varsel, jf. § 3-8 i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova.

Klageinstans for standpunktkarakterar i grunnskolen er Statsforvaltaren.

Fristen for å klage er 10 dagar frå melding om standpunktkarakteren er kome fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med karakteren. Fristen blir avbroten om den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Oversending av klagen

Klagen med dokument skal sendast frå skolen til Statsforvaltaren elektronisk gjennom vårt elektroniske skjema. Klagaren skal ha kopi av dokumenta i saka.

Oversendinga frå skolen skal innehalde:

  • saksopplysingar/kontaktinformasjon (elektronisk skjema)
  • klagen frå elev/føresette
  • faglærar si grunngjeving/uttale
  • rektor si fråsegn

I klagesaker som gjeld orden og åtferd ber vi i tillegg om å få oversendt:

  • kopi av skolen evt. kommunen sitt ordensreglement
  • konklusjon frå drøftingsmøte mellom lærarane til eleven
  • dokumentasjon på at foreldre har fått varsel om at karakteren kan bli sett ned
  • annan relevant korrespondanse med heimen

Faglærar sin uttale

Når Statsforvaltaren handsamar saka, ser vi på om faglærar/skolen har fastsett standpunktkarakteren i tråd med forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova kapittel 3. Faglærar skal difor skrive ein uttale som gjer greie for korleis han/ho har vurdert eleven sin samla kompetanse i faget. 

Statsforvaltaren vurderer ikkje om karakteren er riktig eller ikkje. Uttalen frå faglærar må difor vere utforma på ein slik måte at Statsforvaltaren kan sjå om regelverket er følgt. Eit godt utgangspunkt for ei slik utgreiing er hovudpunkta øvst i denne artikkelen.

Det må gå fram av faglærar sin uttale at eleven har blitt vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen. Det er også viktig å merke seg at faglærar ikkje skal ha tatt utanforliggande omsyn når han/ho fastsette karakteren. Eksempel på utanforliggande omsyn kan vere føresetnadane til den enkelte, fråvær, manglande innleveringar og deltaking. Vi gjer også merksam på at innsats er eit utanforliggande omsyn. Unntak frå dette er når innsats går fram i kompetansemåla i faget. 

Faglærar kan heller ikkje vurdere den samla kompetansen til eleven på grunnlag av nokre utvalde kompetansemål. Det er eleven sin samla kompetanse ved avsluttinga av opplæringa som skal ha blitt vurdert. Dette betyr at faglærar må løfte blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sjå kompetansemåla samla, og i lys av teksten "Om faget" i læreplanen.

Faglærar må grunngje standpunktvurderinga som er gjort gjennom å vise til konkrete eksempel på eleven sin individuelle kompetanse. Det må også gå fram at eleven err blitt vurdert på ulike måtar og i ulike samanhengar. Standpunktkarakteren skal heller ikkje vere eit matematisk gjennomsnitt av karakterar gitt i opplæringsperioden.

Dersom ein har nytta ein tredelt skala som for eksempel ”låg”,” middels” eller ”høg” måloppnåing, må dette alltid supplerast med ei individuell og konkret beskriving av eleven sin kompetanse. Beskrivingane må då vise til karakterskalaen.

Utdanningsdirektoratet har i ei rekke fag utarbeidd kjenneteikn på måloppnåing. Om faglærar vel å bruke slike kriterium i grunngjevinga av karakteren, må beskrivingane vere knytt til eleven og til måla i faget. Kjenneteikna er berre utforma som ei støtte for lærar i vurderingsarbeidet.

Rektor si utgreiing

Rektor skal alltid uttale seg før klagesaka vert sendt til Statsforvaltaren. Rektor skal gjere greie for om saksgangen på skolen har vore i samsvar med regelverket. I dette ligg det at skolen sine prosedyrar for fastsetting av standpunktkarakterar må gå fram, mellom anna dato for når den påklaga standpunktkarakteren vart fastsett.  

I tillegg skal rektor vurdere om standpunktkarakteren er fastsett i samsvar med forskrift til opplæringslova/forskrift til friskolelova, mellom anna §§ 3-3 og 3-15. Ein sentral del av vurderinga er at rektor har gått gjennom faglærar sin uttale og kvalitetssikra denne. Rektor må ta stilling til om uttalen viser at standpunktkarakteren er sett i samsvar med reglane for fastsetting av standpunktkarakterar.

Les meir om klage på standpunktkarakter i Utdanningsdirektoratet sin tolkingsuttale: Behandling av klager på standpunktkarakterer i fag

 

Statsforvaltaren si klagehandsaming og skolen si oppfølging

Kva tek Statsforvaltaren stilling til i klagehandsaminga?

Statsforvaltaren tek berre stilling til om skolen har følgt reglane for fastsetting av standpunktkarakter som går fram i forskrifta kapittel 3. Vi tek ikkje stilling til om karakteren er rett eller feil. Unntaket frå dette er klager som gjeld orden og åtferd. I desse klagene er det Statsforvaltaren som fastset endeleg karakter.

Når Statsforvaltaren stadfestar karakteren som er sett

Dersom vi kjem til at skolen har følgt reglane for standpunktvurdering, får klagar ikkje medhald. Vi stadfestar då skolen sitt karaktervedtak. Statsforvaltaren si avgjerd er endeleg. Dette vil seie at eleven ikkje kan klage på avgjerda.

Når Statsforvaltaren opphevar karakteren

  • Vi opphevar karaktervedtaket dersom vi kjem til at skolen ikkje har følgt regelverket, eller vi er i tvil om skolen har følgt regelverket.
  • Vi set ikkje ny karakter, men sender saka tilbake til skolen. Rektor og faglærar gjer ei ny vurdering. Det er rektor som set den nye karakteren.
  • Skolen må grunngje avgjerda og legge vekt på dei momenta som gjorde at skolen sitt opphavlege karaktervedtak vart oppheva.
  • Skolen må sende det nye karaktervedtaket med grunngjeving til klagar. Statsforvaltaren skal ha kopi.
  • Skolen sitt nye karaktervedtak er endeleg. Dette vil seie at eleven ikkje kan klage på dette

 

[1] Forskrift til opplæringslova: https://lovdata.no/forskrift/2006-06-23-724/§5-4.
Dato nedlasta: 01.06.2022.