Godtgjering og utgiftsdekking

Når du blir oppnemnt som verje vil du kunne ha rett på godtgjering for arbeidet og rett til å få dekt utgifter i samband med verjeoppdraget.

Det er ulike satsar ut ifrå kva type verje du er. Vi skil mellom nærståande verje, alminneleg verje, fast verje, advokatverje og representantar. 

Nærståande verje

Med nærståande verje meiner vi born av, forelder til eller ektefelle/sambuar til den som har verje.

Meir om godtgjering for nærståande verje. 

Alminneleg verje

Alminneleg verje er søsken, vener, niese/nevø, barnebarn og liknande.

Meir om godtgjering for alminneleg verje.

Fast verje

Fast verje er nokon som tek på seg verjeoppdrag for personar dei ikkje kjenner. Dei er rekna som profesjonelle verjer og har som oftast fleire oppdrag. Du må få særskilt godkjenning av oss for å bli fast verje.

Meir om godtgjering for fast verje. 

Avokatverje

Advokatverje er advokatar som tek på seg verjeoppdrag og som blir løna etter offentleg salærsats for advokatar. Advokatverje kan og ta på seg oppdrag etter dei same reglane som faste verjer.

Meir om godtgjering for advokatverjer.

Representant

Representant tek hand om interessa til einslege asylsøkjarar. Ein er representant fram til det er gjort vedtak om oppnemning av verje etter innvilga beskyttelse i Norge eller oppdraget vert avslutta ved myndigheitsalder eller av andre årsaker.

Meir om godtgjering for representantar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.