Godtgjering for fast verje

Faste verjer er personar som tek på seg oppdrag som verje for personar dei ikkje kjenner. Ein må søkje til oss og bli godkjent som fast verje før ein kan ta på seg oppdrag. Faste verje er rekna som profesjonelle verjer og tek ofte på seg mange oppdrag. 

Vilkår for timegodtgjering

Vilkår for dekning av faktiske utgifter

Kven dekker kravet frå verje?

Korleis søkje?

Kva skal søknaden innehalde?

Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?

Korleis klage på vedtaket?

Som hovudregel har faste verjer rett på ein årleg sum i godtgjering og utgiftsdekning. Summen for godtgjering er sett etter kva mandat verja har.

  • økonomiske interesser: kr 7 500,-.
  • personlege interesser: kr 4 500,-.
  • både økonomiske og personlege interesser: kr 10 000,-.

Utgiftsdekning er sett til kr 1 000,- per år. Summen skal dekke utgifter som kan vere vanskelege å dokumentere, slik som porto, kopiering, telefon med meir.

Årleg godtgjering og utgiftsdekning blir utbetalt på etterskot og du må søkje til oss før du kan ta ut godtgjering og utgiftsdekning.

Vilkår for timegodtgjering

Den faste satsen er meint å dekke det arbeidet du gjer i løpet av året. Nokre periodar kan det vere meir å gjere enn i andre.

Du kan likevel søkje om timegodtgjering dersom den faste satsen ikkje er tilstrekkeleg til å dekke arbeidet du gjer eller dersom omfanget er så lite at det ikkje er rimeleg å krevje fast sats. Timesats for alminnelege verjer er kr 400,-.

For å kunne vurdere om vilkåra for timegodtgjering er oppfylte må vi ha ei timeliste som viser kva arbeid som er gjort. Timelista må innehalde dato for når arbeidet er utført, skildring av kva oppgåver som er utført og den faktiske tida du har brukt på kvar oppgåve.

Det er ikkje mogeleg å få timegodtgjering og fast sats for same periode. Timegodtgjering skal berre innvilgast unntaksvis og det er opp til oss å vurdere om kravet er rimeleg eller ikkje.

Vilkår for dekning av faktiske utgifter

Dersom verje har utgifter som overstig den faste satsen i vesentleg grad, kan han eller ho søkje om å få dekt desse utgiftene. Utgiftene må vere nødvendige for å ta hand om verjeoppdraget.

Dersom verje har utgifter på over kr 2 000,- i løpet av eit år, kan dette oppfylle kravet til «i vesentleg grad».

Verje må sende søknad til oss med dokumentasjon på utgiftene. Dokumentasjon kan vere kvitteringar, utskrift frå bompengepassering, kilometerliste med meir.

Kven dekker kravet frå verje?

Det er verjehavar si inntekt og formue som er avgjerande for kven som skal dekke kravet. Hovudregelen er at verjehavar sjølv skal betale godtgjering og utgiftsdekning til verje.

Inntekts- og formuegrensa er ulik dersom du er einsleg eller har felles økonomi. Verjehavar må vere under begge grensene for at vi skal ha plikt til å dekke kravet.

Sjølv om vi ikkje har plikt til å dekke kravet, kan vi likevel dekke heile eller deler av kravet viss betalingsevna til verjehavar tilseier det. Ved vurderinga av betalingsevne ser vi mellom anna på om verjehavar har høge bukostnadar, høg gjeld, låg inntekt med meir. Vurderinga gjer vi når vi har fått søknaden frå verja.

Vi kan og vurdere å forskottere kravet dersom verjehavar ikkje har midlar til å dekke kravet akkurat no, men vi veit at det kan kome midlar på eit seinare tidspunkt.

Korleis søkje?

Du kan sende søknad til oss elektronisk eller per post. Du finn søknadsskjema blant anna på vergemal.no. Vi ønskjer helst å få søknaden tilsendt elektronisk.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde opplysningar om kva du søkjer om, kva periode søknaden gjeld for og kven som skal dekke kravet.

Viss du søkjer om timegodtgjering må du grunngje kvifor fast sats ikkje er tilstrekkeleg og leggje ved timeliste saman med søknaden.

Om du søkjer om utvida utgiftsdekning må ein leggje ved ei kilometerliste, kvitteringar og liknande. Kilometerlista må innehalde dato, formål med reisa, kvar du har reist til og frå, og kor mange kilometer du har køyrt.

Søkjar må og opplyse kva kontonummer kravet eventuelt skal utbetalast til og om det skal utbetalst som lønsinntekt eller næringsinntekt (om verja har organisasjonsnummer).

Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?

Det er berre verjeoppgåver som gir rett til godtgjering. Dersom verje sitt mandat er avgrensa til å gjelde økonomiske interesser, kan ein ikkje krevje godtgjering for oppgåver som ligg innanfor personlege interesser.

Praktiske oppgåver som å følgje til lege, handle, vaske og liknande er ikkje noko verja kan krevje godtgjering for.

Du kan heller ikkje krevje godtgjering for å delta på sosiale aktivitetar eller besøk.

Dette gjeld også ved søknad om dekning av faktiske utgifter. 

Korleis klage på vedtaket?

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan dei sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan fristen, som er tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.