Fylkesmannen endra 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sitt løyve for anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Lovleg mengd utfyllingsmassar vart auka med 330 000 m3, til 1 640 000 m3.
02.07.2020
Kva har vore positivt, og kva kan vi bli betre på i neste fase av handteringa?
Etter at ein mann fekk for mykje cellegift og døydde, opnar Fylkesmannen i Vestland tilsyn med Haukeland universitetssjukehus.
30.06.2020
I dag vart 30 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland, i kommunane Kinn og Gulen.
23.06.2020
Fylkesmannen har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 16,55 mill. kroner til kommunane i Vestland.
I dag vedtok Kongen i statsråd at Lurefjorden med Lindåsosane er det første marine verneområdet i Vestland fylke.
Stortinget har vedtatt endringar i barnehagelova. Det er mellom anna vedtatt føresegner om internkontroll, tilsyn, psykososialt barnehagemiljø, og regulering av private barnehagar.
Barneverntenesta er pålagt streng teieplikt, og kommunen har eit særleg ansvar for å skjerme opplysningar om barn. Publisering av opplysningar i strid med teieplikta, er straffbart.
22.06.2020
Kunnskapsdepartementet har svart på spørsmål om tilbod til barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar når barnehagar og SFO held stengt gjennom sommaren.
19.06.2020
Kommunen er pålagt å ha ei barnevernsteneste, men står ganske fritt i korleis dei vil organisere tenestene. Fylkesmannen har i eit brev til FO Vestland gjort nærare greie for kva krav som gjeld.