Vi startar verneprosess for Brosvikvatnet naturreservat i Gulen

Høringsfrist:
9. mai 2021 23.59
Vestnorsk regnskog er ein naturtype som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på. Her trivst artar i det milde og våte vêret som ikkje kan overleve på tørrare stader. Grunneigar Knut Håvard Brosvik ønskjer å verne skogen for ettertida.
Vestnorsk regnskog er ein naturtype som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på. Her trivst artar i det milde og våte vêret som ikkje kan overleve på tørrare stader. Grunneigar Knut Håvard Brosvik ønskjer å verne skogen for ettertida. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Brosvikvatnet i Gulen kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 9. mai 2021. 

Publisert 13.04.2021

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Tilbodsområdet ligg i ei vestvendt li mellom innsjøen Brosvikvatnet og fjellområdet Lifjellet/Brosviksåta. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 8/1, 8/2 og 8/3 i Gulen kommune. Arealet er eigd av tre ulike private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Brosvikvatnet som naturreservat. Statsforvaltaren melder med dette oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 1481 dekar.

Frå tilbodsområdet som grunneigarane ønskjer verna kan ein sjå heilt ut i havet. Den vestvendte lia ved av Brosvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista.
Frå tilbodsområdet som grunneigarane ønskjer verna kan ein sjå heilt ut i havet. Den vestvendte lia ved av Brosvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kartlegging

Området vart undersøkt av BioFokus seinast i 2015 i samband med prosjektet «kystfuruskog», på oppdrag frå Miljødirektoratet. Området ligg i boreonemoral og mellomboreal vegetasjonssone mellom 26 og 350 meter over havet. Forvaltningsområdet foreslått av Biofokus inkluderte 15 naturtypelokalitetar, noko som illustrerer den store og verdifulle variasjonen i naturen ved Brosvikvatnet. Det undersøkte arealet fekk verdivurdering i øvre sjikt av regionalt verdifull natur.

To av naturtypelokalitetane er kartlagt som fattig boreonemoral regnskog, to er bekkekløft. Tilbodsområdet til frivillig skogvern dekker ikkje alle dei 15 naturtypelokalitetane.

Brosvikvatnet har vestnorsk regnskog

Brosvikvatnet har god topografisk variasjon og vil kunne dekkje viktige manglar i skogvernet i fylket med bekkekløfter, kystfuruskog og boreonemoral blandingsskog. Verneverdiane er mellom anna knytt til gamal kystfuruskog med høg alder i sterk oseanisk seksjon. Det er òg gamal lavlandsblandingsskog med påviste rødlisteartar som t.d. gul pærelav (ein nær trua art) og enkelte store, gamle eiketre. I kystbekkekløfta i Flategilet opptrer gode forekomstar av uvanlege og krevjande artar. Det er relativt produktiv furu-blandingsskog. Dei høgst verdisette naturtypene for den vestnorske regnskogen ligg utanfor tilbodsområdet.

Ei gamal, hul eik ligg nedanfor ein bergvegg i det tilbudde området for frivillig skogvern. Eik gir rom for mange spennande artar, og har spesifikke krav til kor den veks.
Ei gamal, hul eik ligg nedanfor ein bergvegg i det tilbudde området for frivillig skogvern. Eik gir rom for mange spennande artar, og har spesifikke krav til kor den veks. Foto: Biofokus/ Jon T. Klepsland.

Mål om 10 prosent verna skog i Vestland

Det er ei nasjonal målsetting om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at 10 prosent av skogen i Noreg skal bli verna. Med drøye 3 prosent av skogen i fylket verna inntil årsskiftet, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. 

Med eit vern av skogen ved Brosvikvatnet vil ein komme litt nærmare målet om å ta vare på område med sjeldne og trua artar og naturtypar i fylket. Vi er avhengige av det gode samarbeidet mellom grunneigarar, skogeigarorganisasjonar og stat om vern av verdifull natur for å nå målet Stortinget har sett. 

Biletet frå Flategilet i tilbodsområdet syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen.
Biletet frå Flategilet i tilbodsområdet syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen. Foto: Biofokus/ Jon T. Klepsland.

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne skogen aust for Brosvikvatnet som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, som å plukke matsopp og bær. Det vil være mogeleg å setje opp mobile jakttårn og forsiktig rydde kvist og småbusk i samband med storviltjakt. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er i aktiv bruk av storfe i dag, og grunneigar vil kunne halde gjerde ved like jamfør tilstand/bruken på vernetidspunktet.

Innspel og vidare framdrift 

Vi ønskjer innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 9. mai 2021.

Oppstartsbrevet, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

I beitesesongen går det storfe og beiter i delar av tilbodsområdet ved Brosvikvatnet. Dei vil kunne fortsette med det om området får status som naturreservat, slik det òg vil være mogleg å gå på tur, plukke bær og matsopp og gå på jakt.
I beitesesongen går det storfe og beiter i delar av tilbodsområdet ved Brosvikvatnet. Dei vil kunne fortsette med det om området får status som naturreservat, slik det òg vil være mogleg å gå på tur, plukke bær og matsopp og gå på jakt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.