Gloppen kommune innmeld i Robek

Gloppen kommunestyre har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan der meirforbruket frå 2019 ikkje er nedbetalt innan fristen. Kommunen er derfor innmeld i Register om betinga godkjenning og kontroll (Robek).

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.04.2021

Samla meirforbruk frå 2019 utgjer omlag 11,1 mill. kroner. Gloppen kommunestyre har vedteke eit budsjett for 2021 der ikkje alt meirforbruk frå 2019 er dekt inn. I følgje kommunelova skal kommunar meldast inn i Robek dersom driftsdelen i økonomiplanen, driftsbudsjettet eller driftsrekneskapen til kommunekassen viser at eit meirforbruk skal dekkast inn over fleire enn to år etter at det oppstod.

Gloppen kommune er innmeld i Robek med verknad frå 13. april 2021. Statsforvaltaren godkjenner ei låneramme på 25 mill. kroner, der 14 mill. kroner utgjer lån til VA-investeringar. I tillegg blir låneopptak frå Husbanken til vidare utlån godkjent med 5 mill. kroner.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.