Vingen landskapsvernområde har fått forvaltningsplan

Helleristingane i Vingen vart kjende i Noreg då fjellklatrar og advokat Kristian Bing publiserte funnet av helleristingane i 1912. I området ligg eitt av dei største kjente helleristingsfelta i Norden. Landskapet sin karakter kan ha vore ein av grunnane til at steinalderfolket valde denne staden for helleristingane.
Helleristingane i Vingen vart kjende i Noreg då fjellklatrar og advokat Kristian Bing publiserte funnet av helleristingane i 1912. I området ligg eitt av dei største kjente helleristingsfelta i Norden. Landskapet sin karakter kan ha vore ein av grunnane til at steinalderfolket valde denne staden for helleristingane. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Vingen landskapsvernområde er oppretta for å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk med helleristingsfelt. No er forvaltningsplanen godkjent slik at området kan bli teke endå betre vare på. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.12.2021

Kva er ein forvaltningsplan?

Forvaltningsplanen skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane i Vingen landskapsvernområde. Vi har no godkjend forvaltningsplanen etter å ha hatt den ute på høyring.

Forvaltningsplanen er utarbeidd innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Planen skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Den er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området.

Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980, og Vingen kulturminnevernområde vart oppretta i 2001. Både Statsforvaltaren og Fylkeskommunen er forvaltningsmynde for ulike vernereglar, og det er difor viktig med eit godt samarbeid. Helleristningane er frå steinalderen. Ser du kva slags dyr som teiknar seg på berget?
Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980, og Vingen kulturminnevernområde vart oppretta i 2001. Både Statsforvaltaren og Fylkeskommunen er forvaltningsmynde for ulike vernereglar, og det er difor viktig med eit godt samarbeid. Helleristningane er frå steinalderen. Ser du kva slags dyr som teiknar seg på berget? Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad.

Kvifor er Vingen verna? 

Formålet med oppretting av Vingen landskapsvernområde er å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk (helleristingsfelt) jamfør (verneforskrifta punkt III).

Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980. Vingen kulturminnevernområde vart freda i 2001 i medhald av kulturminnelova. Dette omfattar den vestlege delen av landskapsvernområdet kring Vingepollen og sjøen med helleristingane.Vingebu (Vingen vakthytte) vart freda i 2015 som ein del av landsverneplanen for statlege bygg.

Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt i landskapsvernområdet, medan Vestland fylkeskommune er forvaltningsstyresmakt for kulturminna med helleristingsfelta.

Breidt samarbeid om forvaltningsplanen

Statsforvaltaren har samarbeidd tett med Vestland fylkeskommune om forvaltningsplanen slik at forvaltninga av natur og kultur vert forvalta til beste for båe delar. Fylkeskommunen har førebudd arbeidet med ein revisjon av gjeldande forvaltningsplan og skjøtselsplan for kulturminneområdet i Vingen, og forvaltningsplanen for landskapsvernområdet er i tråd med desse planane. Vi har sett det som ønskjeleg og viktig å samkøyre revisjon av forvaltnings- og skjøtselsplan for kulturminna med utarbeiding av forvaltningsplanen for landskapsvernområdet.

Det kom inn fråsegn til framlegget til forvaltningsplan frå Universitetsmuseet i Bergen, Svelgen Kraft AS, Vestland fylkeskommune og Solveig Irene Ytre-Hauge. Fråsegnene er tekne omsyn til og innarbeidde så langt det har vore mogleg. M.a. vil Svelgen Kraft bli inviterte til å vere med på dei årlege forvaltningsmøta etter ønskje om det.

Ved fjorden i Vingen ligg også Vingebu, også kalt Vingen vakthytte, ei kombinert oppsyns- og forskingsbu bygd i 1992. Bua vart freda i 2015 som ein del av landsverneplanen for statlege bygg.
Ved fjorden i Vingen ligg også Vingebu, også kalt Vingen vakthytte, ei kombinert oppsyns- og forskingsbu bygd i 1992. Bua vart freda i 2015 som ein del av landsverneplanen for statlege bygg. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Spennande artsmangfald

Sommaren 2021 gjennomførde Miljøfaglig Utredning ei artskartlegging i Vingen landskapsvernområde. Dei viktigaste resultata frå kartlegginga er innarbeid i den godkjende forvaltningsplanen.

Kartlegginga viser eit relativt høgt artsmangfald, og det er påvist om lag 180 karplanteartar og 40 moseartar. Mange av moseartane er oseaniske. Det er registrert 10 naturtypelokalitetar innanfor landskapsvernområdet: naturbeitemark, kystlyngheier, kystmyr og nordvendte berg og flomdam. Tre lokalitetar av nordvendte kystberg har fått verdien A – svært viktig.

Av raudlisteartar må nemnast dei store funna av fossegrimemose (EN - sterkt trua) og praktdraugmose (VU - sårbar). Rapporten kan du lese her

Den sterkt truga arten fossegrimemose er registrert i Vingen landskapsvernområde.
Den sterkt truga arten fossegrimemose er registrert i Vingen landskapsvernområde. Foto: Miljøfaglig utredning/Jon Bjarne Jordal.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.