Ei uvanleg eigedomsgåve i Vingen

Det er ei uvanleg hending når det offentlege får ei unik gåve på meir enn 300 mål. Endå meir uvanleg er det at området inneheld den nest største konsentrasjonen av helleristingar i Noreg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2020

Grunneigarar gir eigedom i Vingen i gåve

Måndag 2. november vart Signe Hanson og Helge Henriksen heidra for ei storarta gåve til Universitetet i Bergen. Dei er grunneigarar ved det store helleristingsfeltet i Vingen i Bremanger, og etter å ha følgd forskingsarbeidet i området gjennom mange år, bestemte dei seg for å gi eigedomen sin i Vingen til Universitetet.

Godt samarbeid mellom grunneigarane og det offentlege

Helleristingane i Vingen vart kjende i Noreg då fjellklatrar og advokat Kristian Bing publiserte funnet av helleristingane i 1912. Bing sin eigedom vart verande i familien sitt eige, etter kvart med Signe Hanson som arvtakar. Signe og Helge overlet den verdfulle kulturarven til Universitetet i Bergen til glede for vidare forsking og for at verdiane skal kome komande generasjonar til gode. Det har i alle år vore eit godt samarbeid mellom grunneigarane i Vingen på den eine sida og det offentlege på den andre, representert ved fylkeskommunen, kommunen, og staten ved Fylkesmannen, Riksantikvaren og Statens naturoppsyn.

Stor takk frå det offentlege til grunneigarane

Universitetet i Bergen ved rektor Dag Rune Olsen takka for den unike gåva, og Trond Lødøen frå Universitetsmuseet heldt eit levande foredrag om Vingen si historie og om dei meir enn 2200 helleristingane. Representantar frå Riksantikvaren, fylkeskommunen og Fylkesmannen takka Signe Hanson og Helge Henriksen for den storslåtte gåva og for det gode samarbeidet i alle år.

Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet

Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980 og Vingen kulturminneområde i 2001. Dette er kjerneområdet for helleristingane. I området ligg også Vingebu, ei kombinert oppsyns- og forskingsbu bygd i 1992. Bua vart freda i 2015 som ein del av landsverneplanen for statlege bygg. Det er Fylkesmannen i Vestland som er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet Vingen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.