Vi tilrår vern av Kudalen naturreservat i Stad

Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag.
Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi tilrår frivillig skogvern av Kudalen i Stad kommune. Skogen har lite spor etter inngrep, og har gamal furuskog med mange artar av lav jamt fordelt i området. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2021

Kudalen ligg aust for Hunvika i midtre Nordfjord og dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell. Området har gammal furuskog med bjørk og osp. Mykje lungenever og hengelav er jamt fordelt i området som vart kartlagt. At området ligg i boreonemoral sone, delvis lokalisert i lågareliggjande område og har ein del areal på høgare bonitetar gjer i tillegg området relevant i vernesamanheng. Kudalen har regionale til nasjonale verneverdiar (**/*** stjerner). 

Kudalen vil delvis fylle manglar i skogvernet i Vestland. Det tilrådde verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 18/1-4 og er eit sameige med fire private grunneigarar. Arealet har ein storleik på 1600 dekar.

Heimelsgrunnlag

Kudalen blir tilrådd verna i medhald av lov av 19. juni 2009 nr.100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova). I lova er det gitt heimel for oppretting av ulike vernekategoriar i §§ 35 til 39. Generelle mål for områdevern følger av naturmangfaldlova § 33. Føremålet med det enkelte verneområdet må bli skildra konkret og bli knytt opp mot forskrifta som gjeld den enkelte vernekategori i §§ 36 og 37. Naturreservat er den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova.

Saksbehandling  

Det var lite kunnskap om dei biologiske verdiane då vi fekk tilbod om frivillig skogvern frå grunneigarane via AT Skog. Sommaren 2020 var Rådgivende Biologer i felt for å utføre kartlegging av arealet. Rapporten blir snart tilgjengeleg på Narin-basen til Biofokus. Kudalen fekk 2 til 3 stjerner i verdivurderinga frå Rådgivende Biologer.

Kjuker er sopp som lever på tre. Nokre er parasittar på levande tre, men dei fleste lever av å bryte ned døde eller døande tre. Når veden blir brutt ned kan andre artar nytte treet betre. Utan kjuker blir det rett og slett færre stadar å leve for dei mange artane som trivst i skogen.
Kjuker er sopp som lever på tre. Nokre er parasittar på levande tre, men dei fleste lever av å bryte ned døde eller døande tre. Når veden blir brutt ned kan andre artar nytte treet betre. Utan kjuker blir det rett og slett færre stadar å leve for dei mange artane som trivst i skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm..

Namn

Opphavleg hadde området arbeidsnamn Hunvika, som er grenda vest for tilbodsområdet. Fordi Kudalen ligg meir sentralt plassert i arealet foreslo vi dette namnet i oppstartsprosessen. Dette vart gjort i samråd med grunneigarane. Språkrådet støttar namnet Kudalen naturreservat i si uttale. 

Interesser

Det er noko beite frå husdyr i det nordaustlege området av det foreslegne naturreservatet. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar, og skogen er vanskeleg tilgjengeleg dersom skogbruk hadde vore eit alternativ for grunneigarane.

Det er ikkje registrert kulturminne i Kudalen i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan vere kulturminne i området. Desse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Det er ei lita hytte ved Kudalsvatnet, samt ei tilhøyrande bod og gapahuk. Hytta har vore bygd etter 2016, jf. flyfoto. Den er ikkje veldig mykje brukt, jf. grunneeigarane, og dei bêr inn gass og proviant på ryggen når dei skal inn. Grunneigarane har trekt kravet i tilbodsbrevet om å kunne hogge ved i naturreservatet til bruk på hytta. Bortsett frå ein sti til Dalssetra i det nordaustlege hjørnet av reservatet er det lite friluftsliv inn i kjerneområdet, og dei som brukar området er mest lokale kjentfolk. Det meste av området er bratt og utilgjengeleg, men grunneigarane er på jakt i sesongen og på synfaring fann vi spor av hjort. Hjortestammen er ikkje større enn at det var god forynging av t.d. osp.

Endringar under behandlinga av verneplanen  

Det har ikkje vore grenseendringar i løpet av den formelle verneprosessen. 

I oppstart og høyring var formuleringa knytt til beiting i verneområde slik: Beiting med eit beitebelegg som ikkje skadar verneverdiane. Vi har endra dette til Beiting, i tråd med standard formulering for frivillig skogvernområde.

Statnett og NVE gav innspel om at sjølv om vernegrensa til Kudalen i nord ligg minst 33 meter frå det klausulerte ryddebeltet for skog langs transmisjonslinja Ørsta-Ålfoten på 420 kV, så treng dei opning i verneforskrifta for drift, vedlikehald og akutt utfall av linjenettet, samt motorisert ferdsle i samband med dette arbeidet. Vi vurderte opphavleg at vernegrensa var trekt langt nok unna linjetraseen til at ein ikkje trengte tilpassingar i forskrifta, men har no lagt til opningar i verneforskrifta (§§ 4 j, 6 d, 7 k) i samsvar med innspela.

I tillegg til utsending av oppstart- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring kunngjort i aktuelle lokalaviser og presentert på nettstaden til Statsforvaltaren i Vestland.  

Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. På den andre sida av fjorden ligg Ålfotbreen landskapsvernområde høgt til fjells.
Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. På den andre sida av fjorden ligg Ålfotbreen landskapsvernområde høgt til fjells. Foto: Stataforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Verneformål og områdestatus  

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på ei sørvendt fjordside frå fjord til fjell som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur, med eit mangfald av artar, vegetasjonstypar og økologiske prosessar. Området har gamal furuskog med bjørk og osp, og mykje trelevande lav. 

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, med stadeigne artar og naturtypar og naturleg skogdynamikk, og eventuelt vidareutvikle dei.

Arealet inngår som landbruks, natur- og friluftsliv (LNFR) i gjeldande kommuneplan. Det føreligg ingen reguleringsplanar for området. Kommunen har ikkje uttalt seg i verneprosessen. 

Forvalting, økonomiske og administrative konsekvensar  

Vi kan ikkje sjå at det er utgifter knytt til tiltak ved vern av området. Utgangspunktet for å oppretthalde verneverdiane i det tilrådde verneområdet er at skogen skal få utvikle seg utan nemneverdig skjøtsel. Det vil vere eit ordinært oppsyn i området i regi av Statens naturoppsyn (SNO). Forvaltningsstyresmakta må sørgje for tilgjengelege ressursar for administrasjon av området, til dømes ved handsaming av dispensasjonssaker og oppfølging av naturoppsynet.

Merknader til verneforslaget  

Oppstart og høyringsbrev for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dette brevet. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden til Statsforvaltaren i Vestland, og kunngjort i Fjordabladet.  

Oppstart vart meldt 22. januar 2021, og høyringa vart lagt ut den 19. februar 2021. Det kom inn totalt 12 uttaler til verneforslaget, og ingen av desse var kritiske til verneforslaget.  Ei oppsummering av innspela ligg i tilrådinga til høgre. 

Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag.
Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vurdering etter naturmangfaldlova   

Etablering av Kudalen naturreservat i Stad kommune vil sikre naturmangfaldet i dette området mot fysiske inngrep, jf. naturmangfaldlova § 8. Det har særs positiv betyding for artsmangfaldet her, ettersom fysiske inngrep er dokumentert å vere det største trugsmålet mot naturmangfald både globalt og lokalt i Noreg.   

Ivaretaking og vidare naturleg utvikling av naturmangfaldet i naturreservata vil også kunne fungere som ei kjelde for å styrke populasjonar av plante- og dyreartar utanfor reservatgrensene, jf. naturmangfaldlova § 10 om samla belastning. På den andre sida av Hundvikfjorden, høgare til fjells, ligg Ålfotbreen landskapsvernområde. Regionen har potensiale for dialog med grunneigarar som er interessert i skogvern og som har store naturverdiar.

Med bakgrunn i at vernet berre vil gje positive effektar på naturmangfaldet, vel vi å ikkje vurdere §§ 8-12 nærare (jf. rettleiar om naturmangfaldlova kap. II 2016).   

Statsforvaltaren si tilråding

Statsforvaltaren i Vestland tilrår oppretting av naturreservatet Kudalen i Stad kommune. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.