Vi starter opp overvaking i Hardangerfjorden

I januar 2024 er det oppstart av eit overvakingsprogram som skal gå i Hardangerfjorden dei neste 3 åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden i fjorden. 

Publisert 18.12.2023

Overvakingsprogrammet er utarbeida av Statsforvaltaren som del av vårt embetsoppdrag og krava som ligg i vassforskriftas § 18 og vedlegg V Kap. 1.3 om å sørge for gode og heilskaplege overvakingsprogram for å kartlegge og overvake tilstanden i vassførekomstane våre. Overvakingsprogrammet ligger i lenke i høgremargen her.  

Alle verksemder med løyve frå oss, eller som er forskriftsregulert med utslepp til sjø, får pålegg frå oss om deltaking i eit spleiselag for å dekke kostnadane til programmet. Varsel om pålegg vil gå ut i løpet av januar/februar 2024. Kommunane og verksemder regulert av miljødirektoratet vert og invitert inn i spleiselaget med lik fordeling av kostnader. Statsforvaltaren går inn med omtrent 50 % av den totale kostnaden. 

Du kan lese meir om kva som skal overvakast i nettsaka vår "Overvaking av miljøtilhøva i kystvatn". Dersom du lurer på meir om vassforskrifta kan du lese artikkelen "Korleis påverkar vassforskrifta kvardagen vår".

 

Kart over Vestland fylke
Fig. 1: Oversikt over prøvepunkt. Dei raude punkta er sedimentstasjonar og dei blå er sediment og vatn stasjonar. Dei blå skal overvakast i 3 år på vatn (klorofyll, oksygen og næringssalt).

Det som er nytt for overvakingsprogrammet i Hardangerfjorden er at vi skal inkludere undersøkingar av makroalgar og ålegras for å sjå etter teikn på eutrofiering, eller overgjødsling. Hardangerfjorden viser ei nedgåande trend på både oksygenmålingar og klorofyllmålingar. Nokre av vassførekomstane har allereie hamna i moderat tilstand p.g.a. oksygenmålingar i botnvatn. Dette er ei viktig årsak til å fortsette med ei grundig overvaking av eit fjordsystem med mykje industri og oppdrettsaktivitet.  

Første rapport vil bli levert på nyåret 2025 og vil då innehalde alle data på sedimentovervakingsdelen, altså botndyr og miljøgifter. Samtidig vil første del av vassovervakinga presenterast. Denne er ikkje komplett før etter 3 år. Lenkje til rapportane vil leggast ut i høgremargen «her».  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.