Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS)

Høyringar om søknad til løyve, og løyve etter forureiningslova knytt til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) vert samla her. FAS vert leia av Statens vegvesen.

Om anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS)

Anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle (FAS) er delt inn i to hovudfasar:

  • Førebuande arbeid (oppstart 2024 – første halvår 2026)
  • Hovudprosjekt (forventa avslutta 2034)

Tiltaksområdet er oppdelt geografisk i fire område. Statens vegvesen søkjer om løyver for anleggsarbeidet i førebuing- og hovudprosjektfase etter denne inndelinga. Inndelinga i søknadsområde er basert på type resipient, type anleggsarbeid og den geografiske entreprisedelinga i hovudprosjektet.

For kvart søknadsområde vil det bli sendt inn fleire delsøknader om utviding/endring av gjeldande løyve i løpet av anleggsperioden. Delsøknadene vert sendt inn kontinuerleg, avhengig av framdrifta i prosjektet.

Kart som viser geografisk inndeling av område, inkludert påverka elvar, byar og tettstader og tunnelar.
Kart som viser inndeling av søknadsområde, trasé for ny jernbane og veg, og tiltaksområde og anleggstunnelar i Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS). Områdeinndelinga Aust, Midt, Vest og Sørfjorden blir nytta i samband med søknadene for prosjektet om løyve etter forurensningsloven. Foto: Statens vegvesen.

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 25.03.2024

Søknad om endra løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden frå bygging av Fellesprosjekt Arna - Stanghelle

Statens vegvesen søkjer om endring av nedføringsløysning for overskotsmassane og endra lokalitet for sjødeponi vest i Bergen kommune. Høyringsfrist er 10. mai 2024.


Publisert 25.03.2024

Søknad om utsleppsløyve for område Sørfjorden

Fellesprosjekt Arne - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Sørfjorden. Høyringsfrist er 10. mai 2024.


Publisert 25.03.2024

Søknad om utsleppsløyve for område Midt

Fellesprosjekt Arne - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Midt. Høyringsfrist er 10. mai 2024.


Publisert 25.03.2024

Søknad om utsleppsløyve for område Vest

Fellesprosjekt Arne - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Vest. Høyringsfrist er 10. mai 2024.


Publisert 25.03.2024

Søknad om utsleppsløyve for område Aust

Fellesprosjekt Arne - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Aust. Høyringsfrist er 10. mai 2024.


Publisert 19.06.2023

Kunngjering av løyve til deponering av overskotsmassar frå bygging av fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Statsforvaltaren gav 19. juni 2023 løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden i tre sjødeponi innanfor arealavgrensinga vedteken i statleg reguleringsplan. Løyvet er gitt til Statens vegvesen og Bane NOR.