Unesco-status for heimebrygging med kveik?

Vestnorsk Kulturakademi søkjer heimebrygging med kveik inn på verdskulturarvlista til UNESCO som immateriell kulturarv.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.04.2020

Prosessen for Unesco-søknaden vart lansert på eit arrangement med Vestland fylkeskommune på Voss 27. februar.

Kveik er ein gamal måte å brygge øl på der gjærsoppen i ølet er brukt og tatt vare på gjennom generasjonar. Dei indre fjordstroka på Vestlandet utgjer det genetiske hovudutbreiingsområde for gamle, gardspesifikke gjærsoppar som har vore nytta og utvikla gjennom bruk i hundretals år. Minst eit 30-tals gardar på Vestlandet, frå Hardanger til Sunnmøre, har eigne kveikstammar, som vert halde i hevd gjennom ølbrygging.

Kveiken har vorte særs populær internasjonalt dei siste åra, spesielt etter at amerikanarane «oppdaga» han, og det vert allereie brygga eit tusentals kommersielle ølsortar med kveik, verda rundt.

Identitetsdrykk og «reason to go»

Dette er kultur som bør takast vare på for sin eigen del, både kulturelt og biologisk, og som kan danne grunnlag for næringsutvikling, i første omgang for landbruket og dei gardane som sit på denne ressursen. Heimebrygg med kveik har potensiale for å bli ein gastronomisk identitetsberar som «Norwegian farmhouse ale» og ein «reason to go» for reiselivet på Vestlandet.

Vestnorsk kulturakademi har tatt på seg å utgreie grunnlaget for Unesco-søknaden, og å mobilisere kveik-gardane til å halde fram med å utvikle tradisjonsbrygginga gjennom eit forprosjekt. Dette vart finansiert av fylkeskommunen og Fylkesmannen i 2019. Den regionale partnarskapen ser dette som eit tema for næringsutvikling med minst like stort potensiale som siderbølgja vi har sett vakse seg stor dei siste åra. Søknadsprosessen kan ta rundt 2 år, og er avhengig av statleg støtte.

Lanseringsarrangementet "Kveik til Unesco" vart skipa i forlenginga av eit internasjonalt kurs i ølbrygging med kveik i regi av kulturakademiet. Kurset samla eit hundretals gjester frå fjern og nær; forskarar, bryggeri, bryggarar og nasjonale kompetansemiljø.

Etter velkomst i Voss kulturhus ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb, vart det ei temaorientert vitjing med tradisjonelt kveikøl og spekemat. Knut Finne heldt føredrag om mellomalder og øldrikking i den autentiske gildehallen Finnesloftet frå 1295. Vestland fylkeskommune var vertskap for lanseringsmiddagen på Store Ringheim gard, med kulturelle innslag og føredrag, og med lokalpatriot, ølhund og serieentreprenør Arne Hjeltnes som konferansier.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner