Hugs nye fristar for spreiing av husdyrgjødsel

15. september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Det er no slutt på at kommunen kan fastsette eigne fristar, og det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå fristen. 

 

Publisert 02.07.2025

Nye spreiefristar i alle kommunar

Fristen for å spreie organisk gjødselvare i Vestland er 15. september. Det blir såleis slutt på sein haustspreiing av husdyrgjødsel. Alle kommunale forskrifter med utsett spreiefrist på grasmark er oppheva. Spreiing av silopressaft har same frist 15. september.

Gjødsellageret bør bli tømt etter andreslåtten

Det er eit mål å få spreidd mest mogleg av husdyrgjødsla vår og forsommar, då juli kan bli våt. For å ha nok plass i gjødsellageret bør ein streve etter å tømme det før siste hausting. 

Det kan lønne seg å gjere avtale om bruk av ledige gjødsellager, dersom det kan bli for mykje gjødsel igjen i eige lager til hausten. Før ein tek i bruk eldre lager som har stått tomme, må ein vurdere behov for oppgradering for å unngå fare for lekkasje.

Dispensasjon til seinare gjødselspreiing ved særlege tilfelle

Kommunen kan ikkje lenger tillate gjødselspreiing etter fristen. Det er mogeleg å søke Statsforvaltaren om dispensasjon, men berre i særskilte tilfelle. Det må vere ein heilt spesiell situasjon som har oppstått, og noko ein ikkje har rådd med. Det kan ikkje bli gjeve dispensasjon dersom det gir for store ulemper for miljøet og ressursutnytting.

Overgangsordning grunna lite lagerkapasitet

Dersom ein hadde for lite lagerkapasitet då forskrifta blei innført, er det som ei overgangsordning i fire år (til og med 2028) høve til å spreie gjødsel med nedmolding fram til og med 1. november. Bruk av nedfellingsutstyr er tilrådd, og ikkje søknadspliktig.

Framfor å harve eller pløye ned gjødsel langt utover hausten rår vi til å søkje Statsforvaltaren om dispensasjon til spreiing på eng / utan nedmolding etter 15. september. Overflatespreiing gir betre ressursutnytting og mindre fare for næringstap, erosjon og forureining enn gjødselspreiing med harving og pløying. Målet er likevel 15. september, og at det ikkje blir spreidd noko gjødsel etter denne datoen.

Alle må gjere tiltak for å få nok lagerkapasitet

Overgangsordninga gjeld ikkje dersom ein bygger om til lausdrift, installerer mjølkerobot eller gjer andre vesentlege endringar som aukar gjødselmengda. Med overgangstida i fire år får ein tid til å bygge nytt lager, eller gjere andre tiltak sånn at all spreiing skjer i lovleg periode, som då er 1. mars til 15. september.

Frå 2029 er det ikkje høve til spreiing etter fristen, samstundes som at fristen har blitt strengare grunna krav om hausting etter siste gjødsling. Då må siste gjødsling gjerne bli gjort tidleg i august, for å rekke ein slått eller beiting etterpå.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.