Økonominettverket 2021

Årets samling blir lagt til Hotell Scandic Voss den 15. og 16. november. Hovudtema er Kostra, i tillegg til andre aktuelle tema som pensjon og økonomiske måltal/handlingsreglar.

Publisert 29.09.2021

Vi startar samlinga med lunsj den 15. november og avsluttar med lunsj den 16. november.

Kostra er hovudtema første dagen og Statistisk Sentralbyrå (SSB) vil ha ansvaret for denne delen. Bruk av statistikkbanken og samanheng mellom statistikkbank og bruk av nøkkeltal, er noko av det vi skal sjå nærmare på. På dag to skal Anders Austrheim, KLP, snakke om pensjon og korleis utsiktene på dette feltet er framover. Tema til slutt blir økonomiske handlingsreglar og måltal som styringsverktøy. Denne delen blir leia av Ole Starheim, med innlegg frå Janne Sund og Inger Karin Kaalaas. Statsforvaltaren orienterer litt om erfaringsstatus og oppsummerer til slutt.

Du finn program til høgre i artikkelen. Alle tema er på plass, men det kan komme endringar på underpunkta når alt er avklart.

Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, og revisjon i Vestland fylke. Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for kommunane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland.

Kommunane betalar oppholdet sjølve direkte til hotellet.

Pris for deltaking på heile samlinga er 1 700 kroner per person i enkeltrom. For dobbeltrom er
prisen 1 370 kroner. Om du vil delta berre på dagtid er dagpakkeprisen på dag ein 630 kroner per person. Om du og vil delta på middag om kvelden er dagprisen 1 054 kroner.
Dagpakkepris dag to er 540 kroner.

Dersom du er påmeldt men vert forhindra til å møte, meld frå på e-post til
fmsfmlu@statsforvalteren.no.

Frist for påmelding er 10. oktober 2021.

Sidan påmeldingsfristen no er ute, ta kontakt med oss om de ønskjer å delta.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.