Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 17.09.2020

Mellombels tilskotsordning for frittståande skular i samband med virusutbrotet

Utdanningsdirektoratet opprettar ei tilskotsordning for å stimulere til innkjøp av digitalt utstyr, infrastruktur, fellesløysingar og digitale læremiddel.


Publisert 14.09.2020

Oppdaterte smittevernrettleiarar for barnehagar og skular om når ein skal vere heime ved sjukdom

Folkehelseinstituttet har oppdatert smittevernrettleiarane for barnehagar og skular. Oppdateringane gjeld råd om når barn i barnehagen og elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal vere heime ved sjukdom.


Publisert 09.09.2020

Presisering om barnehagetilbod for foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Hanne Dyveke Søttar om foreldre i samfunnskritiske funksjonar og deira krav på tilbod om full tid i barnehagen frå kommunen. 


Publisert 27.08.2020

Rapportering ved endring i tiltaksnivå eller stenging av barnehage og skule

Det skal rapporterast til Fylkesmannen om endringar i tiltaksnivå, og ved eventuelle stengingar av barnehagar og skular.


Publisert 26.08.2020

Endringar i tilrådingane for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar

Bebuarar i kommunale sjukeheimar og andre helse- og omsorgsinstitusjonar skal i utgangspunktet fritt kunne ta i mot besøk.


Publisert 24.08.2020

Presisering om krav til fulltidstilbod i barnehagar

Barnehagar skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheiter avgjer at det skal være raudt tiltaksnivå.


Publisert 21.08.2020

Tilbyr kurs i smittesporing

Fleire kommunar førebur seg no på smittesporing av mange indekstilfeller. Eit ledd i denne førebuinga er opplæring av fleire medarbeidarar som kan hjelpe kommunelegen i sporingsarbeidet.


Publisert 13.08.2020

Skular og barnehagar skal starte på gult nivå

Alle skular og barnehagar skal ved oppstart følgje gult nivå i trafikklysmodellen. Dette betyr at klasser og avdelingar kan samlast, og det skal vere fulltids ordinære barnehage- og skuledagar.


Publisert 31.07.2020

Besøksordning i sjukeheimar må ikkje vere strengare enn smitterisikoen tilseier

Kommunane må så langt som råd leggje til rette for besøk i institusjonane og for at dei kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.


Publisert 14.07.2020

Ny rapport om tenestene til sårbare barn og unge

Rapporten viser at langt fleire tenester enn tidlegare er tilbake i normal drift. Samtidig er det færre enn vanleg som oppsøkjer tenestene.