Smittevern

Godt smittevern er ein føresetnad for å avgrense utbrot og spreiing av smittsame sjukdommar i helsetenesta og samfunnet. Godt smittevern er også avgjerande for å handtere utfordringa med antibiotikaresistens.

Regjeringa har lansert ein handlingsplan for eit betre smittevern. Handlingsplanen skal redusere helsetenesteassosierte infeksjonar og gi betre organisering og struktur av smittevernet i Norge.

Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens er eit veksande problem i verda og er eit alvorleg trugsmål mot global helse. Vi risikerer ei framtid utan effektive antibiotika, der infeksjonar som i dag blir rekna som ufarlege, igjen kan bli eit stort helseproblem og ein hyppig dødsårsak.

Smittevern og infeksjonsførebygging bidrar til å hindre antibiotikaresistens. Høg vaksinasjonsdekning, både i befolkninga generelt og spesielt blant helsepersonell, er eit viktig tiltak.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å setje i verk smitteverntiltak, og følgjer opp bruken av antibiotika. Statsforvaltaren skal dessutan bidra aktivt for å auke talet på personar som vaksinerer seg mot sesonginfluensa, særleg blant tilsette i helsetenesta. Statsforvaltaren arrangerer kvart år smittevernkonferansar for kommunale leiarar og anna personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Pandemihåndtering

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i handteringa av koronaepidemien. Vi har faste møte med sentrale helse- og beredskapsstyresmakter og kommunar for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Statsforvaltaren har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyresmakter og kommunane.

Vis mer


Koronaviruset

Her finn du ei oversikt over nyhendesaker om koronaviruset. Statsforvaltaren følgjer situasjonen kontinuerleg.

Publisert 01.10.2021

Informasjon om sesongens influensavaksinasjon 2021/2022

Kommunane må sikre at alle innbyggjarar i risikogruppene får tilbod om influensavaksine, som i år er gratis for alle i målgruppene.


Publisert 30.04.2021

Kor mange helsepersonell har fått AstraZeneca-vaksine i din kommune?

Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.


Publisert 22.04.2021

Bli med på markering av Håndhygienedagen

Smittevern er livsviktig! Det siste året med covid-19 har gjort dette endå meir tydeleg for oss. 5. mai er verdas handhygienedag.


Publisert 19.03.2021

Tilrådingar for påskeferien

Påskeferien nærmar seg. Det er viktig å følgje nasjonale og lokale råd og reglar for å hindre smitteauke. Det overordna reiserådet er det same som før: Unngå alle unødvendige reiser.


Publisert 05.03.2021

Klem er nær fysisk kontakt

Kommunane skal følgje dei nasjonale tilrådingane om besøk i sjukeheim så lenge den lokale smittesituasjonen ikkje tilseier ein strengare praksis.


Publisert 11.02.2021

Fylkeslegens vurdering av risikonivå i Vestland

Her finn du fylkeslegens vurderingar av risikonivå i Vestland, oppdaterast ein gong per veke frå februar 2021.


Publisert 04.02.2021

Folkehelseinstituttet sender SMS om Smittestopp

Folkehelseinstituttet (FHI) sender torsdag 4. februar ein SMS om appen Smittestopp til innbyggjarane i Vestland. 


Publisert 18.12.2020

Rundskriv om kommunale smittevernvedtak er revidert

Målet med rundskrivet er å gi kommunane rettleiing om lokale smitteverntiltak som kan vere nødvendige ved lokale utbrot.


Publisert 18.12.2020

Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida

Jule- og nyttårsfeiringa står for døra, og mange som tek imot helse- og omsorgstenester vil i denne tida få besøk, eller ønske å dra heim til pårørande, vennar og familie.