Vaksinering haust- og vintersesongen 2023/2024

Kommunar og helseføretak må sørge for at personar i risikogrupper og tilsette i helsetenesta med pasientkontakt, får eit godt tilrettelagt tilbod for vaksinering. Folkehelseinsituttet arrangerer webinar om temaet 7. september.

Publisert 01.09.2023

Denne haustsesongen vil mange i befolkninga vere anbefalt fleire vaksinar, inkludert influensa- og koronavaksine. Nokre vil også ha behov for pneumokokkvaksine.

Les alle anbefalingar i brevet frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet, som du finn under «Dokument».

Webinar 7. september

Folkehelseinstiuttet arrangerer webinar for dei som planlegg, organiserer og gjennomfører vaksinasjon i helseføretak og kommunar. Tidspunkt er frå 09.00 til 12.00, 7. september. Du treng ikkje melde deg på, men kan berre logge på Teams-lenkja når det startar. Webinaret blir også teke opp. Meir informasjon, program og lenkje finn du på heimesida til FHI.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.