Nav må vurdere barns beste

Når Statsforvaltaren behandlar klager på vedtak om tenester etter sosialtenestelova, og klagaren forsørger barn, skal vi sjå til at Nav har kartlagt og vurdert barnas situasjon og behov.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2021

Ved søknader om økonomisk stønad etter sosialtenestelova frå barnefamiliar, vil det ofte vere relevant at Nav vurderer barnas behov. I dei tilfella det ikkje er relevant, må Nav grunngje kvifor det ikkje er relevant i den aktuelle saka. Nav må i alle tilfelle kartlegge om familien som søkjer om stønad har særskilde utgifter knytt til barna.

Klagesaker

Statsforvaltarane behandlar klagesaker etter sosialtenestelova etter oppdrag frå Helsetilsynet. Vi har i samband med dette fått i oppgåve å ha eit særskilt fokus på om Nav ivaretar barneperspektivet.

I nokre av klagesakene vi får til behandling er omtale av barns situasjon fråverande, utan at Nav har grunngjeve kvifor dei ikkje skriv noko om dette. Det kan i saker om økonomisk stønad til dømes mangle informasjon om barns behov for klede og utstyr, og om moglegheit til å delta sosialt og i fritidsaktivitetar. Dersom Nav ikkje har kartlagt og vurdert barns behov, vil vi be Nav gjere dette før vi behandlar klagen, eventuelt vil vi oppheve vedtaket og sende saka tilbake til ny behandling hjå Nav.

Barnekonvensjonen

FNs konvensjon om barnets rettar, barnekonvensjonen, gjeld som norsk lov. Det følgjer av den norske menneskerettslova at ved motstrid skal barnekonvensjonen ha forrang for reglar i anna lovgjeving.

Når Nav behandlar søknader frå søkjarar som har barn, pliktar Nav å vurdere omsynet til barnas beste. Det står i barnekonvensjonen at barns beste skal vere grunnleggjande ved alle handlingar som vedkjem barn. Barnekonvensjonen forpliktar staten til å anerkjenne barns rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg for barnets fysiske, psykiske, åndelege, moralske og sosiale utvikling. Ansvaret er primært lagt til foreldra, men ved behov skal Nav sørgje for materiell hjelp og støttetiltak, særleg med omsyn til mat, klede, fritidsaktivitetar og bustad.

Foreldreansvaret

Det er foreldra som har ansvaret for familiens økonomi. Foreldra har såleis ansvar for å sjå sine barns behov, og formidle desse til Nav når Nav kartlegg familiens situasjon. Nav skal til vanleg ikkje snakke direkte med barna, men det kan finnast unntak. Nav må vere klar over at samtalar om til dømes økonomi kan gi barn og unge ei oppleving av å ha ansvar for familiens vanskelege økonomi og sosiale problem. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i rundskriv 35, punkt 5.42.2 til sosialtenestelova følgjande om barnefamiliar og sosialhjelp:

«Hvis barn er berørte av tjenestetilbudet, skal deres behov og eventuelle synspunkter som hovedregel fremmes gjennom foreldre og foresatte.»

Eigne ordningar for å ivareta barns behov

Fleire kommunar har ordningar som kjem barn i låginntektsfamiliar til gode, slik som:

  • kommunen betalar familiens/barns internettabonnement opp til eit gitt beløp.
  • kommunen betalar for ein fritidsaktivitet per barn, som til dømes medlemsavgift i eit idrettslag.
  • kommunen har aktivitetskort for barn i låginntektsfamiliar.

Når kommunen har slike ordningar, vil det medføre at nokre av barnas behov vert dekte. Når Nav behandlar familiens sosialhjelpssøknad må dei likevel klarlegge om barn i familien faktisk får ivaretatt sine behov gjennom slike ordningar, og kartlegginga må komme fram saksutgreiinga.

Barnetrygd

I samsvar med kravet om likebehandling tar kommunane utgangspunkt i rettleiande satsar for livsopphaldsutgifter. Nesten alle kommunane i Vestland har valt å nytte satsane i statens rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad. Nav må likevel vurdere kvar søknad konkret og individuelt, og dei må fråvike den rettleiande satsen når forholda i ein familie, eller ved eit barn, tilseier det.

I statens rettleiande satsar er inntekt frå barnetrygd ikkje halden utanom. Likevel har fleire kommunar valt å halde barnetrygda utanom, slik at barnetrygda kjem i tillegg til økonomisk stønad.

I 2015 tok Fylkesmannen i Hordaland opp med Arbeids- og sosialdepartementet at barnetrygda ikkje er halden utanom i dei statlege retningslinene for utmåling av økonomisk stønad. Departementet viste til rundskrivet til sosialtenestelova der det står at Nav kan leggje alle inntekter til grunn ved berekning av stønad, altså også barnetrygda. Likevel presiserte departementet at:

«Hvordan kommunene behandler barnetrygden ved beregning av stønad til barnefamilier, skal i prinsippet ikke ha betydning for størrelsen på utmålt stønad. Hvis barnetrygden medregnes som inntekt, skal det tilsvarende tas hensyn til utgifter knyttet til barnet på utgiftssiden. Kommunene må, uavhengig av beregningsmåte, foreta en vurdering av hva som er et forsvarlig livsopphold i det enkelte tilfellet. Hvis tjenestemottaker har barn skal det etter gjeldende regelverk tas særlige hensyn til deres behov i disse vurderingene.»

Her er heile svaret frå Arbeids- og sosialdepartementet til Fylkesmannen i Hordaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.