Resultatkartlegging og foryngingskontroll 2022

Vi minner om oppgåvene kommunane har knytt til oppfølging av foryngingsplikta i skogbrukslova. Resultatkartlegging og feltkontrollar i foryngingskontrollen må gjennomførast før snøen legg seg. Statsforvaltaren har sett frist 15. oktober for gjennomføring av kartleggingar og feltkontrollar og registrering i ØKS.

Publisert 15.09.2022

Resultatkartlegginga

No er den nye feltappen frå Landbruksdirektoratet, SKART, operativ, og alle kommunane i fylket har deltatt på opplæringsmøte dei siste dagane i august. Vi håper at mange av dykk tar i bruk appen i kartleggingsarbeidet. Sjølv om de ikkje opplever å spare mykje tid ved å nytte appen til resultatkartlegging, er det verdifullt å gjere seg kjent med appen no. Landbruksdirektoratet arbeider med å legge til rette for bruk av appen ved NMSK-kontrollar, og då vil det kunne verte eit veldig nyttig verktøy.

Hugs at felt som ikkje har tilfredsstillande tettleik, bør følgjast opp. På innsendingssida i ØKS kan de overføre saka til kontroll. Knappen ligg nedst til høgre på sida «Innsending»:

Eigedomen kjem då opp i lista over skogeigarar i foryngingskontrollen, og kommunen må følgje opp dei med eigenmeldingsskjema og vidare prosess som for ordinære foryngingskontrollar.

Det er skilnad mellom minste lovlege plantetal og anbefalt plantetal. Foryngingsplikta kan vere oppfylt sjølv om plantetalet er så lågt at ikkje produksjonspotensialet vert fullt utnytta. På kartleggingsflater kor plantetalet er lågare enn anbefalt, bør kommunen informere skogeigar om moglegheitene for å suppleringsplante og søkje om tilskot for det.

Foryngingskontrollen

Dei fleste kommunane har framleis opne foryngingskontrollar. Sjå prosess-skildring på Landbruksdirektoratet si nettside for korleis skogeigarar skal følgjast opp på ulike trinn i prosessen. Skogeigarar som ikkje har sendt inn eigenmelding endå, må snarast purrast på. Skogeigarar som ikkje har respondert eller ikkje har planar om å gjennomføre foryngingstiltak, må få varsel om pålegg. Om det ikkje fører til handling frå skogeigar, kan kommunen bestille tiltak på skogeigars rekning og dekke desse med inneståande skogfond.

Meir informasjon og rettleiing

Meir informasjon finst i brev om resultatkartlegging og foryngingskontroll, sendt til alle kommunar 1. april i år, med kopi på e-post til skogansvarlege i kommunane 4. april. Sjå òg lenkene på høgre side.

NMSK-kontrollar

Vi minner òg om at kommunane skal ha risikobasert kontrollplan og kontrollere minst 5 % av alle tiltak som det er søkt for om tilskot til skogkultur og utbetalingar frå skogfond. Hugs å føre kontrollresultata i ØKS. Feltkontrollane bør utførast før utbetaling, men kontrollane kan registrerast i ØKS etter utbetaling.

Hjelp å få

Om nokon treng rettleiing eller har spørsmål og om kontrolloppgåvene, fagsystemet eller feltappen, er det berre å ta kontakt med oss. De finn òg mykje informasjon under lenkene til høgre.

Granplante på ideell plantestad. Frå resultatkartlegging i Holmestrand. Foto: Ingrid Knotten Haugberg