ØKS - Virkesdata/forsending 2023-8

Forsendinga er klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning i ØKS. Kommunen må godkjenne ekspederinga innan 21. august.

Publisert 14.08.2023

Kommunane skal kontrollere at beløpa er korrekte, og i samsvar med §§ 5-10 i Forskrift om skogfond o.a. nr. 881. 

Innkomne beløp på skogfondskonto for eigedomar under 10 daa  (stort sett s-konto 9899), skal utbetalast med ein gong, jfr. § 13 i Forskrift om skogfond o.a.

Avvik som kommunen sjølv ikkje kan korrigere i ØKS, skal meldast tilbake til Statsforvaltaren snarast mogeleg. 

Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 21. august.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner