Foryngingskontroll 2021 - kommunalt ansvar

I år er det 196 skogeigarar i Vestfold og Telemark på lista med granhogst over 250 m3 i 2017 med under 1 000 plantar registrerte i etterkant. For desse felta skal kommunen sjekka stoda. I år er det delvis nye rutinar:

Publisert 22.03.2021

Om skogeigaren ikkje svarer etter purring på eigenmeldingsskjemaet, eller svaret ikkje er tilfredsstillande, skal kommunen kontrollere felta utan å vente på tilbakemeldingar frå skogeigaren.

Saker som ikkje vart ferdige tidlegare år må dei aktuelle kommunane jobba vidare med og prøva å få avslutta.

Landbruksdirektoratet skriv at om kommunen si kontroll er mangelfull, bør det bli vurdert om det skal få konsekvensar for tildeling av økonomiske verkemiddel på skogområdet.

Fristar 2021

  • 15. april: Eigenmeldingsskjema sendt til skogeigarane (om kommunen ikkje kjenner saka)
  • 15. mai: Registrering av svar i ØKS og ev. purring til skogeigarar som ikkje har svart
  • 15. oktober: Kontroll av aktuelle felt

Meir informasjon kan ein finne i fagsystemet ØKS.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.