Informasjon om produksjonstilskot og koronavirus

Som følgje av utbrotet av Covid-19 (koronaviruset) og den ekstraordinære situasjonen vi no står i vil Landbruksdirektoratet informere om følgjande:

Publisert 17.03.2020

Dispensasjon frå søknadsfristen for produksjonstilskot

Etter forskrift om produksjonstilskot § 9 kan ein få dispensasjon frå søknadsfristen i «særlege tilfelle». Dersom eit føretak ikkje har fått levert søknaden innan 15. mars på grunn av problem knytte til utbrotet av koronaviruset, kan det vere at det er eit særleg tilfelle som gjer at ein kan få dispensasjon frå søknadsfristen. Eksempel på forhold som gjer at føretak kan få innvilga dispensasjon frå søknadsfristen er:

  • Søkjar har sjølv vore sjuk med koronaviruset og ikkje hatt høve til å levere søknaden innan fristen.
  • Søkjar har sete i karantene og hatt problem med å levere søknaden på grunn av tekniske problem, manglande tilgang til PC/internett mv.
  • Søkjar har hatt problem med å få hjelp frå kommunen på grunn av koronaviruset.
  • Andre forhold utanfor søkjar sin kontroll knytte til utbrotet av koronaviruset som har medført at søkjar ikkje har fått levert søknaden innan søknadsfristen

Stadleg kontroll av opplysingar i produksjonstilskotssøknader

For å hindre spreiing av koronaviruset, skal stadleg kontroll ikkje gjennomførast i tida framover. Dersom det er heilt spesielle grunnar til at stadleg kontroll må utførast, er det viktig at rådene frå Folkehelseinstituttet om smitteførebygging blir følgd nøye, www.fhi.no. Landbruksdirektoratet ber om at all kontroll den komande tida blir gjennomført som dokumentkontroll.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.