Utdjuping av farlei – innsegling Kragerø

Høringsfrist:
23. desember 2021

Kystverket Sørøst søker Statsforvaltaren om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø i farlei for innsegling til Kragerø og vidare inn til Hellefjorden. 

Publisert 12.10.2021

Formål med tiltaket er å utbetre farleia ved å gjere den breiare, djupare og med færre kursendringar for gjere den meir framkomeleg og trafikksikker. Utdjuping vil i tillegg legge til rette for auka tonnasje innanfor industri- og næringsområde.      

Utdjupinga strekker seg over et areal på ca. 40 770 m2 og inneber opptak av ca. 116 560 m3 sprengsteinmassar. Dette gjeld for følgande område:

  • Lovisenbergsundet med 10 700 m2 og 9,5 meter djup
  • Galeioddbåane med 13 410 m2 og 11,8 meter djup
  • Knubbhausen med 16 300 m2 og 14,6 meter djup
  • Jomfrulandsrevet med 350 m2 og 14,7 meter djup

Det er planlagt å transportere massane med lekter til Stilnestangen i Kragerø Havn for utnytting til auka landareal. Som eit alternativ er det søkt om løyve til dumping av massane ved områda der dei skal takast opp.

Grunnforhold, naturmangfald og forureining er undersøkt i alle utdjupingsområda og dumpeområda. Det er funne lite lausmassar i utdjupingsområda. Det var berre Lovisenbergsundet som viste lausmassar eigna å til prøvetaking, og det ble påvist forureining tilsvarande dårleg tilstand. I deponiområda Lovisenbergsundet og Galeioddbåane ble det påvist forureining i dårleg til svært dårleg tilstand. Sedimentet i deponiområdet ved Knubbehausen vart påvist til å tilsvara god tilstand.

Ved Lovisenbergsundet er naturvernområdet Matløs, og ved Galeiodden og Knubbhausen er det registrert raudlista fuglearter. Jomfrulandsrevet og Knubbhausen er lokalisert i Jomfruland nasjonalpark, og Kystverket søker Statsforvaltaren om dispensasjon frå verneforskrifta. Det er registrert fleire områder med viktige naturverdiar i ein viss nærleik til tiltaksområda, men også innanfor Jomfrulandsrevet og Knubbhausen. Biologiske konsekvensar og moglege avbøtande tiltak er det utgreia om i søknaden.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/7228 og sendast innan 23.12.2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Høringsfrist:
23. desember 2021

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding