Mange møte om produksjonssvikt etter flaumen

Mann som held innlegg og brukar PC til presentasjon på skjerm på veggen
Lars Martin Hagen frå Statsforvaltaren orienterer om tilskot ved produksjonssvikt. Foto: Anne Berit Grasbakken.

Det er stort behov for informasjon både om støtteordningar og om kva bøndene kan og bør gjere for å berge mest mogleg fôr og rydde opp etter flaumen. Statsforvaltaren har deltatt og skal delta på fleire møte rundt om i Innlandet for å orientere om tilskot til produksjonssvikt.

Publisert 23.08.2023

Måndag 21. august var det møte i Ringebu, og omtrent 100 personar møtte opp på Innovasjonssenteret for å få informasjon og stille spørsmål. Deltakarane var i hovudsak bønder frå Ringebu og Sør-Fron, men også politikarar, folk frå kommuneadministrasjonen og representantar frå lokal landbruksforvaltning deltok.

Lars Martin Hagen frå Statsforvaltaren var første innleiar, og han snakka om tilskot til produksjonssvikt. Han gjekk gjennom prinsipp for ordninga, satsar, korleis ein reknar ut tilskotet og kva som trengs av dokumentasjon. Det er viktig at den som søker om tilskot ved produksjonssvikt legg ved god oversikt over hausta grovfôr og beiting på fulldyrka og overflatedyrka jord. Dette vil bidra til at saksbehandlinga går raskare.

Neste innlegg kom frå landbrukssjef ved Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor, Ragnhild Sperstad. Ho snakka blant anna om rundballar og opprydding, støtte frå kommunale landbruksfond og Bondens nettverk. Når det gjeld informasjon om naturskadeerstatning, er det planlagt eit eige møte med Landbruksdirektoratet. Sperstad nemnde også at det er aktuelt å sjå på flaumsikker lagring av rundballar framover.

Vidare var det innlegg frå Oddbjørn Kval-Engstad frå NLR som gav gode råd for kva ein bør gjere med avling som har stått under vatn og rundballar som har vore i vatnet. Veterinær Mari Holen Berge snakka om «flaumfôr» og korleis dette eventuelt kan bli brukt. Til slutt var det leiar Bjørn Gimming og generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag som orienterte kort om kva dei kan tilby medlemmane sin og kva det er som er viktig å gjere framover nå.

Det var tydelegvis mange som lurte på mye rundt både støtteordningane og kva dei bør gjere, og det kom ein god del spørsmål og kommentarar til innleiarane på møtet. Arrangørane hadde dessutan lagt opp til ei god kaffipause der det var tid til å snakke saman og vere sosiale. 

Det var Ringebu Bondelag, Fåvang Bondelag og Sør-Fron Bondelag som arrangerte møtet.

Møte i mange regionar

Etter møtet i Ringebu har Statsforvaltaren deltatt på møte i Gausdal den 23. august. Her var målgruppa bønder i dei tre kommunane Gausdal, Øyer og Lillehammer. Det var omlag 75 som deltok.

Den 24. august deltok Statsforvaltaren på møte på Koppang for bønder i kommunane Stor-Elvdal, Åmot og Rendalen. Her var det 40 frammøtte. Same dag deltok vi også på møte på Lesja for bønder i Lesja og Dovre. Om lag 40 personar møtte her.

Det er i tillegg fleire møte under planlegging i vekene som kjem der Statsforvaltaren skal vere med å orientere om tilskot ved produksjonssvikt.