Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2021

Søknadsfrist:
15. mars 2021 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunen, høgskule og universitet
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23.00

Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrots – og utviklingsarbeid.

Publisert 04.02.2021

Beløp som skal fordelast i Rogaland: Ikkje avklara ennå.

Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet.

Målet for ordninga:

Styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenesta, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigste framtidsutfordringane kommunane står ovenfor på helse- og omsorgsfeltet. 

Primærmålgruppe:

Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta eller som kan rekrutterast til å jobba i denne tenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernteneste, barnehage og skular).

Sekundærgruppe:

Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenesta og pårørande deira. 

Tildelingskriteria:

Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing.

Det er vedteke at kommunar som omstiller seg i tråd med kvalitetsreforma Leve hele livet vil verta prioritert innanfor ei rekkje tilskotsordningar frå og med 2021. Kommunalt kompetanse og innavosjonstilskot er ei av ordningane som er omfatta av dette kravet. 

Sjå regelverk og anna informasjon i kolonne til høgre, og meir om ordninga på Helsedirektoratet si nettside https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-kompetanse-og-innovasjonstilskudd

Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no 

Rapportering for 2020:

Kommunane skal rappoertere til Statsforvalteren innan 1.mars 2021 for midlar som var tildelt i 2020. De finn rapportering skjema i kolonne til høgre. For samla tilskot frå kr 200.000 0g over er det krav om revisorkontroll. 

Søknadsfrist:
15. mars 2021 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunen, høgskule og universitet
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23.00