Beredskapssamlinga i Eigersund

Nettverkssamlinga dette året for beredskaps- og informasjonsfolk i kommunane og frå andre regionale etatar var i Egersund 8. og 9. juni. Eigersund kommune er nominert til beredskapsprisen i år, og viste seg frå si mest solfylte og innbydande side på samlinga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2010

Tema på samlinga var mellom anna korleis dei arbeider med samfunnstryggleik, beredskap og kriseinformasjon i Eigersund kommune, lovfesta beredskapsplikt, erfaringar frå året som gjekk, ny portal i GIS og CIM - det nye krisestøtteverktøyet.

Her finn du innlegg og informasjon som blei gitt ut:

Når det gjeld CIM får alle kommunane eit passord og ein nettstad dei kan gå inn og øve seg på. Vi sender dette primært til beredskapskontaktane dersom vi ikkje har fått beskjed om noko anna tidlegare. Det er opp til beredskapskontaktane å opprette brukarar i kommunane. Vi vil kome tilbake med korleis vi organiserer arbeidet med opplæring i programmet etter kvart.

Plangrunnlaget for atomberedskap er ikkje heilt ferdig. Det blir sendt ut til alle kommunane når det er klart.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.