Statsforvaltaren si uttale til dispensasjon for datalagringssenter på Kalberg i Time

Dyrka jord på Kalberg i Time kommune.
Dyrka mark og jordbrukslandskap på Kalberg i Time Foto: Anfinn Rosnes.

Statsforvaltaren kan ikkje sjå at Time kommune har høve til å gje dispensasjon for oppføring av næringsbygg til første byggjetrinn av eit datalagringssenter på Kalberg. Me meiner det vil stride mot både føremålet i plan- og bygningslova - og sette nasjonale og regionale interesser vesentleg til side.

Publisert 13.11.2023

Me rår Time kommune til vidare fokus på områdeplan, og eventuelt ein parallell prosess for detaljregulering av området kalla NK1.

Uttalen vår tar føre seg planhistorikken og føringar for vidare planlegging i området.

Me finn ikkje høve til å dispensere frå dei aktuelle vilkåra i kommuneplanen om felles planlegging, områdeplan, plankrav, rekkefølgjekrav m.v.

Heile uttalen kan du lese her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.