Restaurering av skog: Kva gjer hogstmaskinar i Urådalen landskapsvernområde i Time?

Fylkesmannen i Rogaland (FMRO) forvaltar mange verneområde i Rogaland med det målet å ta vare på stadeigen natur og landskap for kommande generasjonar. Urådalen landskapsvernområde (LVO) er eit slikt område, med ein særprega og rik edellauvskog.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.09.2020

I skogen er det eit plantefelt med lerk og sitkagran. For å restaurera området til ein samanhengande edellauvskog, rik på stadeigen natur, må me hogga skog òg i naturvernområde.

Nasjonalparkar, landskapsvernområde og naturreservat i Noreg har som føremål å bevara både vanleg og sjeldan norsk natur for framtida. Urådalen LVO, ligg aust av Taksdalsvatnet i Time kommune og inneheld mange naturtypar som var vanlege på Jæren, alt frå lågurt eikeskog, som er ein raudlista naturtype, til lyngheier, myrer og naturbeite. Området vart verna 21. desember 1984, for å ta vare på desse eigenarta natur- og kulturlandskapa.

Nødvendig å ta ut framande treslag

På 1960-talet vart det planta eit felt med lerk og sitkagran, med intensjon om framtidig tømmervirke, i edellauvskogen inne i verneområdet. Denne planteskogen vart etter kvart svært tett og mørk, og fortrenger dermed opphavleg stadeigen flora og fauna.  I tillegg frør trea frå plantefeltet seg til omkringliggande edellauvskog og utmark. På sikt påverkar dette den økologiske tilstanden i den naturlege edellauvskogen i reservatet. For å kunna tilbakeføra dei økologiske føresetnadene, og sikre ein heilskapleg edellauvskog i tråd med formålet til vernet, er det difor heilt nødvendig å ta ut dei framande treslaga frå plantefeltet og rydda skogen for frøoppslag. Restaureringsprosjektet i Urådalen tar sikte på å tilbakeføra ein lågurt eikeskog med hassel, slik som me ser i resten av Urådalen. Etter hogst vil prosessen bli driven fram av naturen sjølv, og hovuddelen av framtidig skjøtsel vil vera å luka seinare oppslag av sitkagran og lerk som i dag ligg som frø i bakken.

Figur 1: Hogst i Urådalen landskapsvernområdet. Foto: Einar Heegaard

Framande artar er ein trussel

Ein betydeleg del av Noregs verneområde blir prega av framande artar i så stor grad at den stadeigne naturen der er trua. Derfor jobbar Fylkesmannen i Rogaland saman med Miljødirektoratet med det nasjonale restaureringsprosjektet for uttak av framande skog i verneområde. Globalt er framande artar vurdert som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet vårt (IPBES). Hogstprosjektet vårt er ein del av FN si satsing på restaurering av natur 2021-2030 (FN restaurering), som svarer til internasjonal målsetjing om berekraft for naturmangfaldet.

I august 2020 byrja Lloyd Vaule AS hogst i Urådalen. Hogst i verneområde er krevjande og det blir stilt strenge krav til omsyn til natur og kulturminne – og tilbakeføring både i verneområdet og på tilkomstvegar utanfor verneområdet. Hogsten har kome i gang i samråd med både grunneigarar og leigetakar av området. Trevirke frå hogsten blir seld og kjem til nytte.

Det tar lang tid å restaurera ein eikeskog, om lag 100 år, men såra frå hogstfeltet forsvinn nok i løpet av nokre tiår.

Til slutt vil Urådalen LVO med stadeigen skog vera ei gåve til dei kommande generasjonane!

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner