Frivillig vern av to nye naturreservat i Rogaland

Foto: Einar Heegaard / Statsforvaltaren i Rogaland.

To område med kystfuruskog og edellauvskog er verna som naturreservat etter frivillig vern av skog; Berget naturreservat i Vindafjord og Nag naturreservat i Strand kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.02.2022

Regjeringa har i statsråd 10. februar verna to områder innanfor ordninga frivillig vern av skog. Desse to områda representerer kystfuruskog og edellauvskog i Rogaland og har særeigne kvalitetar med omsyn til biologisk mangfald. Til saman inkluderer dei leveområde for ein rekke artar der fleira av desse er truga.

Dei ny naturreservata er: Berget (Vindafjord kommune) og Nag (Strand kommune). Desse skogane er i tilbode frå private grunneigarar som ønskjer å ta vare på naturverdiar på sin eigedom.

Samarbeidsprosjekt

Vernet er eit samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga (AT Skog SA), Statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar ved at grunneigar tilbyr sin skog for vern mot eit vederlag. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Statsforvaltaren og Miljødirektoratet, og til saman kjem ein fram til ein løysing som er tilfredsstillande for partane.

Skattefritt vederlag

Merk at vederlaget som grunneigar får for skogen er skattefritt og ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane. Har du skog og lura på ordninga frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Statsforvaltaren i Rogaland.

Berget naturreservat

Berget naturreservat ligg på nordsida av Vindafjorden mellom Hogganvik og Imsland. Det er eit 243 dekar stort skogsområde med eldre furuskog og blandingsskog på rik mark. Her finner me mellom anna lågurt-furuskog som er sjeldsynt i Rogaland, med artar som sanikkel, trollurt, markjordbær bergmynte og skogvikke for å nemne nokre. I aust går skogen over i eit parti med lågurt-eikeskog, som er truga naturtype. Oppover i lia mot Stjørnefjellet aukar innslaget av edellauvtre. Mengda med daudved er moderat, men det er tydeleg teikn spetteaktivitet på stokkane. Det var betydeleg aktivitet av småfugl og mykje spor av hjort innafor avgrensinga til vernet. 

Kart Berget naturreservat
Kart Berget naturreservat Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

 

Nag naturreservat

Nag naturreservat ligg mellom Tau og Jørpeland, rett på oppsida av Kveldsbeleika på nordsida av fv. 523, og er ein 155 dekar stor skogkledt høgde med svært variert natur. Alt frå kalkrik hasselskog til kalk-lågurt og lågurt eikeskog i sørvendt skåningane med aukande innslag av ask og alm nordover. Mot toppen bli markslaget no meir fattig i variantar av svaklågurt og blåbærskogsmark. Det er eit betydeleg innslag av fuktkrevjande artar assosiert med edellauvskog i kyststrøk, og eit rikt fugleliv.

Kart Nag naturreservat
Kart Nag naturreservat Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.