Ferdselsforbod i verneområda

Fleire verneområde i Rogaland har ferdselsforbod, enten i deler av området eller einskilde periodar av året. I desember 2020 blei det føretatt ein nasjonal gjennomgang av alle verneområda i Noreg og ferdselsrestriksjonane knytt til desse. Brot på ferdselsforbodet kan straffast med bøter. Ein kan nå sjå områda med ferdselsforbod i Temakart-Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.04.2021

Kva inngår i ferdselsforbod?

Det nye kartet synar kor det er forbod mot all ferdsel og bruk av luftfartøy (fly og helikopter) i verneområda, og når desse forboda gjeld. Dette inkluderer difor både ferdsel til lands og vanns uavhengig av framkomstmiddel. Område som har einskilde unnatak (til dømes om ein kan gå der, men ikkje ferdast til hest) vil ikkje synast i dette datasettet. Kartet finst hos Miljødirektoratet sin naturbase, og i Temakart-Rogaland under Natur-> Restriksjonsområder-Naturvern.

I område kor det er ferdselsforbod er det også forbod mot start/landing av luftfartøy i same tidsperiode. Der det ikkje er eigen føresegn om forbod mot motorisert ferdsel inneber dette også eit "indirekte landingsforbod". Nokre stadar er tillat med overflyging, men ikkje under 300 meter. Merk at verneforskrifta si føresegn om motorisert ferdsel gjeld parallelt med kommunen sine forbod mot motorisert ferdsel.

I verneområde kan det også vere restriksjonar for einskilde aktivitetar som surfing, taretråling og liknande. Desse vil ikkje synast i dette kartet. Dette er informasjon som me jobbar med at skal vere lettare tilgjengeleg for oss da dette er ein viktig regional aktivitet for Rogaland, og vil bli lagt til fortløpande.

NB! Dronar til privat bruk reknast ikkje som luftfartøy, jf. rettleiar til motorferdsellova, men som modellfly. Forbod mot desse vil difor ikkje synast i dette kartet, men dei fleste verneområda har som regel forbod mot modellfly, anten eksplisitt eller indirekte gjennom unødig forstyrring av dyreliv.

- Om du er i tvil om aktiviteten du skal gjere er lovleg, sjekk verneforskrifta for det aktuelle verneområdet eller ta kontakt med oss. 

Kva med sykkel og hest?

Desse vil i utgangspunktet berre bli fanga opp i område kor det er generelt ferdselsforbod. I verneområde kor desse er særskilt nemnt, utan at det er eit generelt forbod, vil ikkje dette synast. Dette gjeld i hovudsak Jærstrendene landskapsvernområde kor hest berre er tillat på sjølve strandflata, altså forbod mot hesteriding i dynelandskapet bak sjølve strandflata (sulky har ikkje løyve nokon stad). Dette gjelder også for sykkel. I område kor det er plantefreding eller ein ikkje kan kome seg til strandflata utan og ferdast gjennom dynelandskapet er det forbod mot sykkel og hest på strandflata. Ein kan lese meir om dette under kap 5.3.18 Ferdsel med hest og 5.4.4 Sykling i forvaltningsplanen for Jærstrendene

Kvifor skal ein ha ferdselsrestriksjonar?

Ferdselsrestriksjonane er som regel avgrensa til mindre geografiske område eller gitte tider av året. Oftast er det knytta til hekkeperioden for fugl, 15. april-1. august. Dette er ein periode av året kor fugl er svært sårbare for forstyrringar. 

Forstyrringar kan inntreffe på hold over 500 meter. Til dømes kan ærfugl starte fluktåtferd på opptil 700 meters hold. Men forstyrringar er ikkje alltid synleg. Hos ærfugl fastar hoa medan ho rugar (22-26 dagar), og tapar om lag 40% av kroppsvekta mens hun rugar. For å spare på energi blir hoa difor sittande på reiret fram til man er berre nokre få meter unna. Til tross for roleg åtferd forårsakar man ein fysiologisk stressrespons som byrjar på fleire hundre meters hald. Ferdselsforstyrringar forårsakar ei stor auke i metabolismen og dermed redusert kondisjon hos hoa. Den fysiologiske stressresponsen varer lenge etter at forstyrringa er over. Den reduserte kondisjonen har ein direkte negativ konsekvens for reproduksjonen. Dette er kjend hos fleire sjøfuglartar.

Det er også veldig vanskeleg å oppdage fuglane ein ikkje vil forstyrre. Reira hos ærfugl er låge og fuglen trykker slik at ein kan lett gå på reira før ein ser dei, altså vil reira også vere vanskelege å sjå frå båt. Dette gjeld også for artar som teist som hekkar i holrom på små holmar som vil være vanskeleg å sjå på avstand. 

Avslutningsvis, eit viktig faktum er at vi ikkje kan sjå kva som er der når vi ikkje er til stades. GPS-studiar syner at dyr ofte trekker seg ut av område når menneske nærmar seg. Sjølv om vi ser at fuglar er til stades når vi kjem med båt, surfar, går eller syklar, så har vi kanskje skremt bort fleire allereie. Det er viktig å huske at vi ofte er gjester på besøk i naturen. 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.