Godkjent forvaltningsplan for Linemyra naturreservat

Fylkesmannen i Rogaland har etter lokal høyring fått godkjent forvaltningsplanen for Linemyra naturreservat i Time kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2017

Linemyra naturreservat vart oppretta i 1996 som ein del av våtmarksvernet i Rogaland. Reservatet er nokså lite, om lag 59 daa, men er likevel eit av dei viktigaste våtmarksområda på Jæren og har internasjonal Ramsar-status. Formålet med vernet er å ta vare på eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Ho skal vera ei open låglandsmyr som er ein viktig hekkeplass for ulike vassfuglar.

Forvaltningsplanen er tufta på vernereglane og skal klarleggja korleis brukaren skal forstå desse, og seia kva som er lov og ikkje. Han skal sikra langsiktig, differensiert og målretta forvaltning av heile verneområdet og gi føringar for bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. Vidare skal planen avdekka truslar mot verneområdet, og skissera løysingar for å ta vare på verdiane i området. Han skal gi viktig informasjon til grunneigarar, kommune, organisasjonar og generelt interesserte i samfunnet elles.

Forvaltningsplanen skal ikkje skjerpa eller svekka vernereglane, men klargjera rammene for desse og den vidare bruken og forvaltninga av området. I tråd med retningslinjane for forvaltningsplanar i Ramsar område, skal Miljødirektoratet godkjenne forvaltningsplanar for verneområder med denne statusen. Det kom ingen nye momenter i høyringa som har medført endringar i planen. Godkjent plan er og å finna i høgremargen.

Les meir om verneområda i Rogaland her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.