Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2026

Jakttida på gaupe er 1. februar til 31. mars. I 2026 er det vedteke kvotefri jakt i Region 1, beståande av Vest-Agder (gammal fylkesgrense), Rogaland og Vestland fylke.

Publisert 06.02.2026

Praktisk gjennomføring av jakta

For utøving av jakta gjeld reglane i viltlova med tilhøyrande forskrifter. Gaupe er definert som storvilt, og ein må ha skyteprøve for storviltjegerar om ein skal jakte gaupe med rifle. Det er og lov å jakte på gaupe med hagle. Kvotejakta er omfatta av grunneigaren sin einerett til jakt og fangst, og ein må difor ha løyve frå grunneigaren for å drive jakt. Aldersgrensa for jakt på gaupe er 18 år.

Fangst av gaupe skal utøvast på ein etisk forsvarleg måte og i samsvar med reglane for bruk av fangstreiskap. Bruk av fangstreiskap krev godkjenning frå Statsforvaltaren.

Felling eller forsøk på felling skal så snart som råd meldast til Statens naturoppsyn og Statsforvaltaren for framvising, prøvetaking og kontroll. Rovviltansvarleg for SNO i Rogaland er Jon Erling Skåtan:

Mobil: 482 54 803

Klageavgjerd

Etter rovviltforskriften skal gaupejakta vere kvoteavgrensa, men det kan gjerast unntak ved å fastsette kvotefri jakt i visse høve, jf. Forvaltingsplan for rovvilt i region 1. Rovviltnemnda har i fleire år vedteke kvotefri jakt på gaupe i heile regionen.

Rovviltnemnda har i møte av 27.10.2025 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2026. Vedtaket vart påklaga og Klima- og miljødepartementet oppretthaldt nemnda sitt vedtak

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.