Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr

Årets beitesesong er i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.

Sist endra 19.06.2025

Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vært på ferde, bør du ta kontakt med rovviltkontakt så snart som råd. Her er ein oversikt over rovviltkontaktar i Rogaland:

Namn

Mobilnummer

Ansvarsområde

Øyvind Nesheim

482 05 104

Sokndal, Lund, Eigersund, Bjerkreim, Gjesdal, Hå, Time, Klepp, Sola, Stavanger, Sandnes sør for Boknafjorden, Kvitsøy og Bokn.

Krister Seljeset

915 40 836

Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Sandnes nord for Boknafjorden, Vindafjord, Tysvær og Haugesund.


Slik går ein frem ved funn av husdyrkadaver

Finn du eit kadaver og mistenker at rovdyr har vært på ferde, bør du gjere fylgjande:

  • La kadaver ligge mest mogleg urørt, men dekk det til slik at åtseletarar ikkje kjem til.
  • Merk funnstad, gjerne med plastpose i eit tre e.l. slik at det er lett å finne.
  • Beskriv funnstad og kryss av på kart om mogleg, aller best er GPS-posisjon.
  • Fotografer kadaver om mogleg frå ulike vinklar, gjerne med ein gjenstand av kjent størrelse ved sidan av kadaver (særleg bra for å anslå f.eks. størrelse på bitt og avstand mellom tenner).

Rovviltkontaktane skal hjelpe til med å dokumentere skader på husdyr frå freda rovdyr som jerv, gaupe, ulv, bjørn og kongeørn. Dokumentasjonen er viktig om du søker erstatning for rovviltskader på sau og andre husdyr.

Korleis ein går fram ved funn av husdyrkadaver, samt anna informasjon om rovviltforvalting i Rogaland, finn ein i infoskrivet i lenka til denne nettsaka.

Statsforvaltarens miljøvernavdeling har ansvar for bestandsforvaltning, irekna kunnskap om førekomstar og mengde per areal av freda rovvilt i fylket. Dessutan kan avdelinga gi løyve til felling av skadegjerande individ av freda rovvilt, og har ansvar for å handsame søknadar om erstatning for husdyr tatt av freda rovvilt. Søknadar om førebyggande og konfliktdempande tiltak vert og handsama av Statsforvaltaren.

Rovviltkontaktar Statsforvaltaren i Rogaland

For akutte førespurnadar om førebyggande tiltak eller skadefelling, ringer ein vakttelefonen. Normal bemanningstid er kl. 07.00-22.00. Legg igjen melding på telefonsvarar om me ikkje tek telefonen. NB! Me tek ikkje imot SMS/MMS. Innanfor normal bemanningstid vil det kunne ta opp i mot 2 timar før me ringer opp igjen. Som regel vil vi ringe opp igjen innan kortare tid.

Hovudkontakt er Bjørn Mo. På grunn av ferieavvikling vil kontaktperson variere i sommar:

Veke

Kontaktperson

Telefon

E-post

24-29

Bjørn Mo

51 56 89 09

bjorn.mo@statsforvalteren.no

30

Tage A. T. Eriksen

51 56 88 92

tage.eriksen@statsforvalteren.no

31-38

Bjørn Mo

51 56 89 09

bjorn.mo@statsforvalteren.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Vakttelefon rovvilthendelser

Ringes ved ønske om å fremme søknad om akutte forebyggende tiltak eller skadefelling.

Vakttelefon:  51 56 89 09  

Bemanningstid fra  07.00-22.00  

NB! Vi tar ikke imot SMS/MMS, legg igjen melding på telefonsvarer.

Henvendelser som krever saksbehandling, slik som søknader om skadefelling, sendes også til oss på e-post: sfropost@statsforvalteren.no