Rapport om kartlegging av kaldvasskorallar Sandsfjorden

Det er registrert rødlista korallar på 4 av 10 undersøkte lokalitetar i Sandsfjorden. Norsk Stein AS på Berakvam har fått undersøkt havbotnen ved ulike lokalitetar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.08.2014

Undersøkinga blei gjennomført av Det Norske Veritas GL ved hjelp av undervassfarkost (ROV) og skulle særleg kartlegge korallar.

I Midtsundet blei det funne små revformasjonar med Lophelia pertusa og Paragorgia arborea. På tre andre lokasjonar var der funn av enkeltindivid av L. pertusa, P.arborea og Swiftia pallida. Koralla vart registrert på bergveggen ved 70-95 meter og verka friske. Lophelia pertusa

Sedimenteringa bar preg av å vere noko høgare i områda like ved verksemda til Norsk Stein AS utan at dette vart kvantifisert. Rapporten syner at det ut frå helsetilstand, toleranse for nedslamming, avstand frå utsleppspunkt og utsleppshistorikk, er lite sannsynleg at korallane i Sandsfjorden i særleg grad er påverka av utslepp frå Norsk Stein AS.

Sjå fleire detaljar i rapportlenka til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.