Siste sjanse til å søke midler frå Klimasats 2021

Innan 15. november kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp, og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2021

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er Miljødirektoratet som fordeler midlane. Gjennom seks år er det no gitt midlar til nærare 1500 ulike prosjekt i norske kommunar. Kommunar som får støtte må rapportere på klimaeffekt og resultat før midlane vert utbetalt.

Det er sett av 30 millionar til siste runde av utdelinga i 2021. Sjå nettsida til Miljødirektoratet for meir informasjon.

No, 15. november, kan ein søke om tilskot for:

  • meirkostnader grunna klimatiltak i konkrete innkjøp
  • tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg
  • ladepunkt for kommunale elbilar
    (berre for kommunar som har fått lite eller ingen støtte til dette før)

Les meir på nettsida til Miljødirektoratet.

I podcast til Miljødirektoratet kan du høyra korleis andre kommunar jobbar med lokalt klimaarbeid.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.