Rapport frå FN om dei fysiske klimaendringane

FNs klimapanel (IPCC) lanserte i august 2021 fyrste del av sin sjette hovudrapport om klimaendringane. Denne delrapporten tek for seg dei fysiske klimaendringane, og fortel oss at me har god nok kunnskap og må gjere tiltak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Hovudfunn og nytt sidan førre rapport 

  • Det er heva over ein kvar tvil at klimaendringane er menneskeskapte, spesielt det som er knytt til ekstremvêr.  
  • Netto null CO2-utslipp er nødvendig (ein har ikkje rekna med andre klimagassar) 
  • Ein har betre regionale vurderingar, og difor kunnskap om behova for regionale klimatilpassingar. 
  • Dei regionale vurderingane fortel oss kva for endringar me bør fokusera mest på: tørke, flaum, snø eller nedbør.  

Av rapporten ser ein døme på at det som før skjedde ein gong kvart 50 år, no skjer kvart 10-år. Vidare vil til dømes auka i ekstremnedbør samstundes med tørke auke risikoen for erosjon og flaumproblematikk.  

Ein kan sjå opptak av pressekonferansen på nett, og meir samandrag om rapporten hjå Miljødirektoratet. Ein kan også sjå noko av resultata i eit interaktivt kart hjå IPCC. 

Solide resultat 

Kunnskapens betrast  etter kvart som nye metodar og data blir tilgjengeleg. For å sikre relevans bidreg meir enn 200 forskarar frå heile verda - også Noreg. Eit interessant funn er det at resultata for Nord-Europa er jamt over vurdert til å vera ganske sikre, då det finst mange gode tidsseriar for temperatur, nedbør og tørke i regionen. 

Eit viktig poeng å hugse - desse resultata er for klimaetog ikkje vêret, slik at resultata er middelverdiar for 20-årsperioder. Det vil sei at einskilde år kan vere meir eller mindre ekstreme enn forventningane.  

Angår dette meg? 

Lokale tiltak har ein effekt - dette vere seg på karbonutslepp eller klimatilpassing. Faktisk så er heile 2/3 av FN berekraftsmål berre oppnåeleg gjennom lokale tiltak. 

Uavhengig av kva tiltak og handlinga som er relevant for ein sjølv - vere seg som grunneigar, arbeidstakar, sjef eller kommuneansatt -  så har me alle eit ansvar for eigne handlingar.  

Kva kan eg gjere? 

Enkeltpersonar bidreg med kvardagshandlingane sine - til dømes å køyre kollektivt når det er mogleg. Bedrifter bidreg gjennom tiltaka dei gjer for å redusere karbonutslepp, gjennom innkjøp til bedriften eller til dømes kva tiltaka dei gjer i vassdrag som gjer oss betre rusta til klimaendringane.  

Kommunar har stor innverknad gjennom kommuneplanane, og korleis dei er organisert. Kommunar kan også søke om finansiell støtte til klimatilpasning  og klimasatsing. Noko som mange kommunar i Rogaland allereie har gjort.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.