Kva betyr natur- og klimakrisa for kommunesektoren?

Korleis heng klima og naturmangfald saman, og kva betyr denne samanhengen for norsk kommunesektor? Dette blir tema i webinar arrangert av KS den 7. desember.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2021

Webinar om natur- og klimakrisa

Menneskelege aktivitetar innsnevrar arealet der planter og dyr har sitt leveområde, samstundes som dei bidreg til klimaendringar. Begge delar aukar faren for dramatiske endringar både i klima og natur.

Dette er temaet for webinaret «Kva betyr natur- og klimakrisa for kommunesektoren?» som KS arrangerer den 7. desember.

Du finn heile programmet og påmelding her.

Verktøy for å ta klima- og naturomsyn i planarbeid

Kommunalt planarbeid er eit viktig verktøy for å vareta natur og sette i verk tiltak som kan dempe klimaendringane. Det finst fleire verktøy som kan vere nyttig i planarbeidet:

Rettleiar: I planarbeidet kan kommunen bidra til å vareta naturtypar som blir påverka av klimaendringane. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om klimatilpassing av naturmiljø.

Du finn rettleiaren her.

Kartfesting av karbonrike areal i Rogaland: I den regionale kartportalen Temakart-Rogaland er det lansert eit eige kartlag som visar karbonrike areal i fylket. Kartet er meint som eit verktøy i den kommunale arealplanlegginga.

Les meir om kartlaget i denne nettsaka.

Du kjem direkte til kartet her.

Kva veit me om samanhengen mellom klima- og naturkrisene?

I Noreg er det allereie observert effektar av klimaendringane på naturen. Det kjem fram på miljødirektoratet si fagside Miljøstatus.

Eksempel på effektar er:

  • Vekstsesongen har auka i det meste av landet.
  • Laksen vandrar ut frå elvene på eit tidlegare tidspunkt.
  • Meir nedbør har gitt større avrenning av næringsstoffer og partiklar. Dette har mellom anna bidratt negativt på tareskogar i kystområde.

Les meir om korleis klimaendringane påverkar naturen, og om klimaendringar og naturmangfald på desse nettsidene:

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.